Ulstein kommune legg forslag til ny forskrift om skulekrinsar ut på offentleg høyring.
Forslaget inneber ei oppdatert oversikt over skulekrinsane i kommunen og erstattar gjeldande forskrift frå 27. juni 2024. Endringane omfattar mellom anna at Ulstein skule ikkje lenger er eigen barneskulekrins, og at Flø og Ulstein (Gåsneset–Skeide) blir lagde til Ulsteinvik barneskule. Talet på barneskulekrinsar blir redusert frå fire til tre. Ungdomsskulekrinsen er uendra.
Ny forskrift er foreslått å tre i kraft 1. august 2026. Les høyringsforslaget her: Høyringsutkast (PDF, 294 kB)
Etter høyring skal saka handsamast politisk i ulike utval før det vert endeleg vedtak i kommunestyret i Ulstein 21.05.2026.
Høyringsfrist er 13. april 2026. Merk høyringssvaret med 26/18.
Send høyringssvar her