Ambulerande skjenkeløyve / skjenkeløyve ved enkelthøve

Ambulerande skjenkeløyve / skjenkeløyve ved enkelthøve

Ambulerande skjenkeløyve gjeld skjenking i slutta selskap og er ikkje knytt til ein bestemt person eller skjenkestad. Løyve for eit enkelt, bestemt høve eller ein bestemt del av året, gjeld for opne arrangement som til dømes festivalar og dansetilstellingar.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Søknadsfrist

Du må søkje i god tid og minimum 30 dagar før arrangementet. For større arrangement som til dømes festivalar og konsertar tilrår vi at du søkjer 4 månader før. 

 

Om løyvet

Definisjonen på alkoholhaldig drikk er her at den inneheld over 2,5 volumprosent alkohol.

Løyvet kan gjelde:

  • alkoholhaldig drikk med høgst 4,7 volumprosent alkohol
  • alkoholhaldig drikk med lavare alkoholinnhald enn 22 volumprosent
  • all alkoholhaldig drikk

 

Målgruppe

Skjenkeløyve kan søkjast av personar som ynskjer å servere alkohol i lukka arrangement (til dømes i bryllaup, jubileumsarrangement) eller ved eit bestemt høve/ei bestemt tid i året (til dømes under festivalar, dansetilstellingar). 

All servering av alkoholhaldig drikk mot ei eller anna form for betaling krev løyve.

Ansvarleg skjenkjestyrar må vere fylt 20 år (legitimasjon vert kravd). Det er ikkje krav om kunnskapsprøve.

Det er normalt ikkje krav om løyve ved reint private arrangement som bryllaup, fødselsdagsselskap eller andre jubileum så sant det ikkje vert teke betaling for drikke. 

Bedrifter som skjenker i eigne lokale utan betaling treng ikkje søkje løyve. Dette gjeld ikkje organisasjonar og liknande som leiger eit offentleg lokale til feiring av til dømes eit jubileum. Desse arrangementa er løyvepliktige.

 

Pris

Gebyr for å søke om løyve går fram av satsane i alkoholforskrifta § 6-2.

 

Søknad

Søk ambulerande skjenkeløyve for skjenking i slutta selskap.

Søk skjenkeløyve for eit enkelt, bestemt høve eller ein bestemt del av året.

Kontakt servicetorget på Ulstein rådhus viss du treng hjelp til å fylle ut søknaden. Søkjar må levere legitimasjon. 

Søknaden må innehalde opplysningar om kva slags arrangement det gjeld, kven som er arrangør, kvar og når arrangementet skal vere, kor mange deltakarar og kven som er ansvarleg skjenkjestyrar og stadfortredar. Skjenkestyraren og stadfortredaren skal ha plettfri vandel. 

Ansvarshavande er ansvarleg for å gjere seg kjend med føresegnene i alkohollova og lokale retningsliner.

Søkjer du om skjenkeløyve for eit enkelt bestemt høve eller ein bestemt del av året, hentar kommunen inn vandelsuttale frå politiet og fråsegner frå skatteetaten, politiet og sosialtenesta.

 

Klage 

Du kan klage på vedtaket innan tre veker frå du mottok det. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket med grunngjeving. Kommunen ved sakshandsamar vil kunne gje deg rettleiing.

Levekårsutvalet er klageinstans for vedtak fatta av kommunedirektøren. Endeleg klageinstans er Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Før klaga vert sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.