Næringsfondet

Næringsfondet vårt er til for å styrke nyskaping, innovasjon og næringsutvikling. Fondet skal støtte bedrifter og nyetablerarar som bidrar til vekst ved å skape nye arbeidsplassar. Unge, kvinner og innvandrarar skal prioriterast.

  

Kven kan få støtte?

Bedrifter, nyetablerarar og samarbeid mellom bedrifter kan få støtte. Søkarer må vere registrerte med organisasjonsnummer i Einingsregisteret.

Tiltaka som får støtte må bidra til å skape nye eller sikre eksisterande arbeidsplassar. Det kan dreie seg om

  • investering i produksjonsanlegg og utstyr

  • profilering og merkevarebygging

  • produktutvikling

  • kompetansehevingstiltak

  • marknadsundersøking

  • bedriftsutvikling

  • rådgjeving

  • bedriftsnettverk

  • eller liknande

Det er fylkeskommunen som bestemmer retningslinjene for næringsfonda i kommunane.

Les dei fullstendige retningslinjene på nettstaden til fylkeskommunen.

 

Kva kan du få i støtte?

Tiltak kan støttast med inntil 50 % av dei totale kostnadane, avgrensa til maksimalt 150 000 kroner. Kommunane kan vurdere ein høgare finansieringsandel (inntil 75 %) til nyetablerarar.

 

Kven tildeler støtte?

Det er formannskapet som tek stilling til søknadar om støtte frå næringsfondet i Ulstein. Dei behandlar søknadane fortløpande.

Før formannskapet gjer vedtak, hentar vi inn ein uttale frå Ålesund kunnskapspark, avdeling for nyskaping, som har kontor i Ulsteinvik.

 

Korleis kan ein søke om støtte?

Kommunen får ikkje påfyll frå fylkeskommunen til næringsfondet i 2019, og det ligg ein del søknader i kø.

Det er derfor ikkje høve til å søke om støtte frå næringsfondet for tida.

Ordninga er under vurdering.

 

  

Kontakt

Verner Larsen
rådmann
E-post
Telefon 70 01 75 13
Mobil 982 30 601