Nasjonal tilskotsordning for inkludering av born og unge

Bufdir har lyst ut midlar gjennom «Nasjonal tilskotsordning for inkludering av born og unge». Ulstein kommune har meldt seg på ordninga. 


Kven kan søke?

Kommunale instansar, frivillige lag og organisasjonar og andre kan søke om midlar. Vi oppmodar alle som jobbar med born og unge til å vurdere om de har prosjekt som kan kome inn under tilskotsordninga, og om å søke om tilskot. Saman kan vi bidra til at alle born og unge finn seg til rette i lokalsamfunnet i vårt. 

 

Kva kan ein søke om tilskot til?

  • Ordinære tiltak: deltaking i kultur-, fritids- og ferieaktivitetar og deltaking på alternative mestringsarenaer. Offentlege instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar kan søke om tilskot.
     
  • Utprøving av metodar/arbeidsmodellar for å inkludere born og ungdom som er berørt av fattigdomsproblem.  Kommunar, frivillige organisasjonar og private aktørar kan søke om tilskot.
     
  • Koordinering av samarbeidet mellom tenester samt tilrettelegging og organisering av samarbeid mellom kommunen, frivillig og privat sektor. Kommunar kan søke om tilskot.

 

Korleis søke?

Søk om tilskot i Bufdir sin søknadsportal. Der finn du også meir informasjon om tilskotsordninga, samt regelverk og rettleiing. 

Søknadsfristen for 2020 er 4. desember.

Etter søknadsfrist vil Ulstein kommune gjere ei prioritering av søknadane, som vert sendt til Bufdir.

 

Kven kan du kontakte for informasjon om ordninga?

Treng du meir informasjon? Ta gjerne kontakt med oss.

Kontaktinformasjon finn du nederst i artikkelen.
 

Kontakt

Annika Brandal
kulturkonsulent/driftsleiar anlegg
E-post
Mobil 408 40 900
Kristine Dale
folkehelsekoordinator
E-post
Lars Erling Bjåstad Hovlid
einingsleiar
E-post
Telefon 70 01 77 81
Mobil 916 35 277