Kulturmidlar

Kven kan søkje?

Ulstein kommune kan yte tilskot til organisasjonar, institusjonar og einskilde personar som driv eller vil starte opp kulturverksemd i Ulstein kommune.

Organisasjonar som driv si verksemd i Møre og Romsdal, og som fell utanfor retningslinene for fylkeskommunal stønad, kan ytast tilskot under føresetnad av at dei rekrutterer eit visst tal medlemer i Ulstein.

Samarbeidsorgan for lag og organisasjonar kan og søkje.


Kva tiltak kan ein søkje på?

Med kulturverksemd meiner ein verksemd som har eit kulturelt og sosialt føremål i seg og som kjem innbyggjarane i Ulstein til gode, med barn og ungdom som hovudprioritet.

Følgjande tilskotsordningar gjeld:

  • Oppstartstilkot
  • Tilskot til drift
  • Tilskot til einskilde arrangement og tiltak
  • Tilskot til kurs, studieringar, opplysingsverksemd 
  • Tilskot til andre kulturføremål


Søknadsfrist?

Søknadsfrist Tilskotsordning
Heile året Oppstartstilskot
1. mars Tilskot til drift
Heile året Tilskot til einskilde arrangement og tiltak
Heile året Tilskot til kurs, studieringar, opplysingsverksemd
Heile året Tilskot til andre kulturføremål

 


Korleis søkje?

Bruk skjema for kulturformål - søknad om tilskot.


Kontaktperson

Kulturkonsulent Annika Brandal er ansvarleg for kulturmidlar.

Tlf:         408 40 900

E-post:  annika.brandal@ulstein.kommune.no