Generelle søknadar om tilskot

 

 

Kven kan søkje?

Ulike lag og organisasjonar kan søke kommunen om generelle tilskot.


Kva tiltak kan ein søkje på?

Kommunen har ikkje kriterier for å vurdere søknadar opp mot kvarandre, og ordninga har ikkje eigne retningsliner.


Kor mykje midlar er til rådvelde?

Levekårsutvalet i Ulstein disponerer årleg 50.000 kr til føremålet, og løyver kr. 25.000 per halvår.


Søknadsfrist

  • Søknadsfrist for tildeling 1. halvår: 1. mai
  • Søknadsfrist for tildeling 2. halvår: 1. oktober


Korleis søkje?

Der er ikkje eige søknadsskjema til søknad om generelt tilskot.

Søknad kan sendast på e-post til postmottak@ulstein.kommune.no

Kontakt

Kari Marie Øvrebøe
sekretær
E-post
Telefon 70 01 75 04
Mobil 900 50 757