Samle deg skattar

Naturen gir mange moglegheiter i Ulstein. Året rundt kan den nyttast til idrett og rekreasjon. Du kan fiske, gå turar i fjellet eller på sandkvite strender. Fjellterrenget er lett og og utsikta fantastisk, sjølv frå dei lågaste høgdedraga.


Strandlina og skjergarden i Ulstein er spennande; frå det opne storhavet på Flø, til den lune idyllen i Eiksund. Ei avskjerma vik, eller ei lita øy for deg sjølv finn du når du ønskjer det, og her er fleire gode småbåthamner.

Området er eit eldorado for naturfotografar – både over og under vatn.

Turistkart