Gjestebrygger

Gjestebryggene er som ein campingplass på sjøen – sosialt og lett å kome i kontakt med andre båtfolk.

 

Drivstoff

Om du har behov for påfyll av drivstoff, finn du det på Saunes brygge. Der kan du kan fylle diesel og bensin frå kortautomat heile døgnet.

 

Ulsteinvik gjestehamn - Vikholmen

Gjestehamna for småbåtar i Ulsteinvik sentrum ligg ved Ulstein Småbåtlag sitt bryggeanlegg. Hamna har plass til 10 gjestande båtar som kan legge til ved flytebrygga. Det er tilgang til straum og vatn ved brygga.

Dusj og toalett er tilgjengeleg ved servicebygget Aktivitetshuset Vikholmen, som ligg like ved.

Nøkkel til dusj og toalett får du på bensinstasjonen på Shell.

 

Ulsteinvik gjestehamn - Quality Hotel Ulstein

Ulsteinvik Gjestehamn ved Quality Hotel Ulstein, består av ei fast kai med trefront for større båtar og 150 meter med flytebrygger. Gjestehamna ligg midt i sentrum av Ulsteinvik med kjøpesenter, apotek, butikkar, bakeri, kino, kafear og restaurantar m.m. som nærmaste naboar.
Meir om fasilitetar kan du lese her.

 

Saunes brygge

Ulsteinvik Marina, ved Stålhaugen 5, har gjestebrygge med plass til 10 båtar.
Det er tilgang til vatn og straum ved brygga.
Du kan fylle diesel og bensin frå kortautomat heile døgnet.

 

Straumane

Straumane småbåtlag har gjestebrygge med plass til 2 - 3 båtar.
Brygga ligg i eit roleg område like ved kolonialbutikken på Hasund.
Det er tilgang til vatn og straum ved brygga.

 

Borgarøya gjestehamn

Den gamle handelsstaden Borgarøya ligg idyllisk til i skjergarden ved Ulsteinvik. Gjestehamna har plass til 10 båtar.
Der er tilgang til vatn og toalett.

Kontakt

Leif Ringstad
kultursjef
E-post
Mobil 473 01 332