Bubilparkering

Kor kan du parkere bubilen?

På oppstillingsplassen bak Ulstein Arena kan du parkere bubilen din.

Bubilparkeringa ligg i Gjerdegata like bak fleirbruksbygget Arena Ulstein.

Finn plassen i Google Maps.

 

Kva kostar det?

Det kostar 250 kroner per døgn å bruke ein plass. Prisen inkluderer

  • straum ved plassen
  • tilgang til toalett og dusj på Ulstein Arena i opningstida. Sjå opningstidene.

Vend deg til resepsjonen på Ulstein Arena når du kjem.

 

Må eg bestille plass?

Det er ikkje førehandstinging av plassane, med andre ord: Først til mølla!

 

Har du spørsmål? Ring oss på tlf. 70 01 77 00.

Kontakt

Leif Ringstad
kultursjef
E-post
Mobil 473 01 332