Ver med å kartlegge kulturminne

Kva er det viktigaste kulturminne for deg?


Kulturminneplan i Ulstein - invitasjon til innbyggjarane!

Ulstein kommune har eit mangfald av kulturminne. Opp gjennom åra er det gjort mange ulike registreringar av kulturminna her, og det er laga ein del materiell knytt til dette, men informasjonen er ikkje samla. Det skal no lagast ein kulturminneplan som viser og prioriterer dei kulturminna som har vore representative og spesielle i Ulstein. Planen skal vere oversikteleg og informativ og gi både politikarar og innbyggjarar kunnskap om kulturminna i kommunen, og inspirere til å ta i bruk kulturarven for verdiskaping og utvikling.

Ulstein Historielag er ein viktig samarbeidspartnar for kommunen og kulturkontoret i arbeidet med kulturminneplanen, men vi ønskjer også å invitere folk flest til å kome med innspel i høve kva kulturminne som bør vere med!

Vi set pris på alle innspel - send oss gjerne ein e-post: kulturminne@ulstein.kommune.no

 

Kontakt

Leif Ringstad
kultursjef
E-post
Mobil 473 01 332
Kristine Brungot
kinosjef/kulturkonsulent
E-post
Mobil 482 59 087