Kulturkontoret

I Ulstein har vi eit rikt og variert kulturtilbod. Blant dei kommunale tenestetilboda finn du mellom anna Ulstein bibliotek, Sjøborg kulturhus og kino, Bell Ungdomsklubb, Frivilligsentralen, Ulstein kulturskule og Kulturkontoret i Ulstein.

Kulturkontoret si hovudoppgåve er generelt kulturarbeid og tilrettelegging for det lokale kulturlivet, med vekt på barne- og ungdomsaktivitet. Dette inneber m.a. følgjande arbeidsoppgåver:

  • handsaming av søknader om kulturmidlar
  • spelemidlar
  • utleige av hallar og andre bygningar
  • tildeling av treningstider
  • kulturtilbod i skulen (kulturnista)
  • konsertar og teaterarrangement
  • ungdomsarrangement
  • UKM (Ungdommens kulturmønstring) m.m.


Øvingslokale for band, Bell ungdomsklubb og Ungdomsrådet er viktige ungdomstiltak som er adminstrativt lagt til Oppvekst- og kulturkontoret.

Kulturkontoret har som mål å leggje til rette for/arrangere ulike typer kulturarrangement gjennom året, som t.d. teater og konsertar. Vi har også nokre faste arrangement og tiltak som Ungdommens kulturmønstring og Smak av Ulstein.

Ei anna viktig oppgåve er å leggje til rette for idrett og fysisk aktivitet, der kommunedelplan for Idrett og friluftsliv (KIF-planen) er eit viktig verktøy. Planen inneheld handlingsprogram med prioriterte tiltak innan idrettsanlegg og nærmiljøanlegg. Det vert stilt krav om prioritet i KIF-planen for å få tilskot frå spelemidlane.

Kulturkontoret driftar også Sjøborg kulturhus og kino som er ein viktig del av kulturtilbodet i Ulstein. 

Kontakt

Leif Ringstad
kultursjef
E-post
Mobil 473 01 332
Kristine Brungot
kinosjef/kulturkonsulent
E-post
Mobil 482 59 087
Annika Brandal
kulturkonsulent/driftsleiar anlegg
E-post
Mobil 408 40 900