Fritidsklubb / ungdomsklubb

Bell ungdomsklubb er ein uformell og rusfri treffstad for og i lag med ungdom. 

Klubben har tilhaldsstad i Skollebakken aktivitetshus, Skollebakken 6.


Opningstid og aldersgrense

  • Ungdomsklubb for 8.klasse -18 år (annakvar tysdag kl.18-22 og annakvar fredag kl.18-23)
  • MOT-klubb for 6-7.klasse (annakvar tysdag)

Følg Facebook-sida til Bell Ungdomsklubb for å få med deg kva som skjer av aktivitetar og arrangement.

 

Aktivitetar

Bell ungdomsklubb er ein uformell møteplass der du kan få vist fram dine talent, og også berre vere utan krav. Her kan du møte venner og bli kjent med nye ungdommar.

Ungdommane er med å bestemme kva som skjer av aktivitetar og arrangement. Vi har ofte hatt glowparty, turneringar i bordtennis, air hockey og biljard. Det er også moglegheiter for ulike brettspel og Play Station 4 med ulike spel. Vi har VR-briller og bilstolar med ratt.

Ungdomsklubben har også kafè med open kiosk.

 

Ungdomsarbeidar og crew

Leiar ved klubben er ungdomsarbeidar Marie Flatin. Det er alltid minimum to vaksne på jobb klubbkveldane. Bell har også eit ungdomscrew med frivillige som saman med dei vaksne jobbar for ein trygg og kjekk stad å vere der alle blir inkludert.


Bell - ein MOT-klubb

Ulstein er «Lokalsamfunn med MOT» og ungdomsarbeidaren er MOT-koordinator i kommunen. På Bell får ungdom møte MOT sine grunnverdiar – Mot til å leve, å bry seg og seie nei. I samarbeid med Ung MOTivator og Unge MOT-leiarar vert det jamnt arrangert MOT-kveldar på ungdomsklubben.

Kontakt

Marie Flatin
ungdomsarbeidar/MOT-koordinator- og coach
E-post
Mobil 913 63 818