Ulsteinhallen

Ulsteinhallen stod ferdig i januar 2015, og vert nytta av Ulstein vidaregåande skule på dagtid, og idrettslag i Ulstein på kveldstid og i helgar. Ulsteinhallen ligg like ved Ulstein vgs og Høddvoll stadion.

Det er ikkje langt frå idé til gjenomføring i Ulstein. Våren 2012 blei tanken om nye Ulsteinhallen og Hødd Arena lansert, og mindre enn tre år seinare stod det flotte anlegget ferdig. Ulsteinhallen er strategisk plassert med tanke på det lokale idrettslivet, den vidaregåande skulen og folkehøgskulen,  og er eit regionalt tyngdepunkt for friidretten. 

Nye Ulsteinhallen er primært ein friidrettshall med 200 meter rundbane og tilrettelagde øvingar som hopp og kast. Midtarealet er tilrettelagd og merka for dei fleste innandørsidrettar, og gode skiljeveggar gir hallen stor fleksibilitet slik at fleire idrettsgreiner kan gå føre seg samtidig. Der er også sykkelbane i hallen, og i tillegg er der garderober, dusjanlegg, lagerrom, kontor og møtelokale i bygget. Bygget har eit utvendig overbygd tribuneanlegg som vender mot Hødd Arena sitt nye kunstgrasanlegg. Hødd Arena stettar krava både for OBOS- og Tippeligaen og har plass til rundt 4000 på dei nye tribunene.

Nye Ulsteinhallen er dimensjonert for å kunne arrangere nasjonale og internasjonale konkurransar i friidrett, og er med sine seks rundbaner ein av to/tre hallar i landet med slik kapasitet.

I 2016 var Hødd handball, saman med Norges Håndballforbund, vertskap for firenasjonarsturnering i Ulsteinhallen. Handballjenter frå landslaga i Romania, Danmark, Frankrike og Noreg deltok i det som vart ein folkefest på Sunnmøre!