Følgjekort

Dersom du har nedsett funksjonsevne og har behov for følgje på ulike arrangement, kollektivreiser og/eller fritidsaktivitetar kan du få følgjekort (ledsagerbevis).

 

Kva er følgjekort?

Følgjekort er eit tilbod til menneske med nedsett funksjonsevne som treng å ha med følgje på kultur- og fritidsarrangement.

Retningsliner for følgjekort / ledsagerbevis (PDF, 35 kB).

Meir informasjon om følgjekort og ledsagerbevis på helsenorge.no.


Kven kan søke om følgjekort?

Følgjekort skal gje menneske med nedsett funksjonsevne høve til å ha med følgje for å kunne delta på arrangement. Den funksjonshemma sitt følgje skal kunne få fri eller rabattert adgang til kultur- og fritidsaktivitetar, i tillegg til visse transportmiddel.


Kva kostar tenesta?

Tilbodet er gratis.

Følgjepersonen får kome gratis inn på arrangementet. Innehavaren av kortet betaler aktiviteten sjølv. I Møre og Romsdal reiser følgjepersonar gratis med offentleg kommunikasjon.


Korleis søkje?

For å få følgjekort må ein sende ein grunngjeven søknad til kommunen. Vi treng passfoto og uttale frå lege, eller anna helsepersonell, for å handsame søknaden din. Det er ingen søknadsfrist – søknadar vert fortløpande handsama. 

Her er elektronisk søknadsskjema. Dersom du vil ha søknad på papir, eller treng hjelp til sjølve søknaden, så er du velkomen til å ta kontakt med servicetorget på rådhuset. Opningstida er kl. 9-15. Tlf.nr. 70 01 75 00.