Er du glad i å sykle?

Klikk for stort bilete Per Eide

På Hofset i Ulsteinvik finn du ein spenstig sykkelpark med trasear, stiar og spennande hopp.

Baneanlegget har ei asfaltert og kupert pumpbane, eit dugleiksområde med hopp og balanseelement, og i skogen er der flytstiar med tre ulike trasear og vanskegrader.

Parken er eit lågterskeltilbod og open for alle. Her får du brukt heile kroppen og du får utvikle balanseferdigheitene dine. Bruk naudsynt verneutstyr! 

Det er kjekt med nye utfordringar, og hugs – øving gjer meister!



 

Kontakt

Leif Ringstad
kultursjef
E-post
Mobil 473 01 332