Fiske i ferskvatn og elvar

 

Reglar for ferskvassfiske på Hareidlandet 

Fleire av fjellvatna våre inneheld mykje småfisk, og i nokre av dei er det difor ønskjeleg at der vert fiska meir enn i dag. 

Det er ikkje felles reglar for ferskvassfiske.
I fleire av vatna på øya er det gratis å fiske med stang, medan det andre stadar vert krevd fiskekort. Fiske med garn er ikkje lovleg for andre enn grunneigarar.

 

Barn og unge under 16 år

Personar under 16 år har rett til å fiske etter innlandsfisk i perioden 1.1 til 20.8, både frå land eller båt med stang og handsnøre, jf. lakse- og innlandsfisklova. Vert det solgt fiskekort har born under 16 år rett til gratis fiskekort. Vert det ikkje solgt fiskekort har born rett til å fiske utan grunneigars løyve. NB: Dette gjeld ikkje i vassdrag med laks, sjøaure eller sjørøye.

 

Reglar for fiske i elvar

For fiske av blankfisk i elvar (aktuelt for Ulsteinelva, Hareidselva) vert det krevd statleg fisketrygdavgift , men berre dersom du har fylt 18 år. 

 

Fiskekort

I tillegg til statleg fiskaravgift, krev grunneigarar fiskekort for nokre vatn og elvar. Her får du kjøpt fiskekort for desse aktuelle stadane:

  • Mosvatnet - Intersport Hofseth i Ulsteinvik. Du kan også kjøpe fiskekort med VIPPS på nettstaden til Ulstein og Hareid Jeger og fiskeforening.
  • Hammarstøylsvatnet - Samme som for Mosvatnet.
  • Snipsøyrvatnet - direkte med grunneigarane i Snipsøyrvatnet grunneigarlag
  • Grimstadvatnet i Hareidsdalen- Du kan kjøpe fiskekort med grunneigarane. NB: I perioden 1.4-31.7 er det ferdselsforbod i den vestre delen av Grimstadvatnet og opp til kraftlina mellom Kaldhol og Bjåstad, då vatnet ligg inne i Grimstadvatnet naturreservat. Her kan du lese meir om naturreservatet.
  • Hareidselva - Sportssenteret Hareid, CirkleK og turistinformasjonen
  • Kaldholelva - Sportssenteret Hareid, CirkleK og turistinformasjonen
  • Ulsteinelva - direkte med grunneigarane.

Små og store fiskevatn på Hareidlandet der det ikkje seljast fiskekort:

  • Ytrefløvatnet *
  • Skinnalidvatnet
  • Svartevatnet *
  • Rjupedalsvatnet
  • Brørevatnet *
  • Litlevatnet
  • Grimstadvatnet (i Grimstaddalen)
  • Koppevatnet
  • Hjørungdalsvatnet
  • Fjellsvatnet
  • Løsetvatnet *
  • Selvågsvatnet

Fiskeretten tilhøyrer grunneigarane "slik det har vore frå gamalt av og så langt hans grunn går", jf. lakse- og innlandsfisklova. Ein skal difor som utgangspunkt alltid spørre grunneigaren om løyve til å fiske sjølv om det ikkje vert solgt fiskekort.

* Ulstein og Hareid jeger- og fiskeforening har avklara "fritt fiske" med grunneigaren for Ytrefløvatnet, Svartevatnet, Brørevatnet og Løsetvatnet. Her kan folk altså fiske utan å trenge nærare avklaring med grunneigar.

Kontakt

Arild Støylen
ingeniør byggesak/miljøvern
E-post
Telefon 70 01 76 06