Bugardsmyrane

Naturmøteplassen og friluftsanlegget i Bugardsmyrane er eit ynda friluftsområde sommar som vinter.

Aktivitetsanlegget er lett tilgjengeleg for alle. Frå parkeringa ved Bugardssvingen i Øvrevegen er det berre nokre få hundre meter på grusveg til Bugardsvatnet. Det er ikkje store vatnet det er snakk om, men likevel svært populært – spesielt om vinteren når skøytesesongen er i gang. Når mørkret fell på vert isen lyst opp av lyktene rundt vatnet.

Frå Bugardsmyra er der grusveg vidare til byggefeltet på Skeide. Du kjem deg også lett til fjells med tursti til Nibben og Osberget, samt turveg på grus opp Blodslitet/Mørdarbakken II, til Lisjevatnet. 

Naturmøteplassen i Bugardsmyra har bålpanner til fri bruk, og der er gapahuk med bord og benkar.

Klikk for stort bilete Odd Kåre Wiik

Kontakt

Leif Ringstad
kultursjef
E-post
Mobil 473 01 332