Ulstein Frivilligsentral

ulsteinfrivilligsentral_logo.jpg - Klikk for stort bileteulsteinfrivilligsentral_logo.jpg Ulstein Frivilligsentral jobbar etter visjonen Eit varmare lokalsamfunn til alle!

Ulstein Frivilligsentral vart etablert i 2004. Den gong var den organisert under omsorgsetaten. I dag er den organisert under kultur.

Frivillig innsats er som før eit uavhengig supplement til det offentlege tenestetilbodet. Det er verdifullt at sentralane kan vere med i samhandling med offentleg sektor, privat sektor og frivillig sektor om å bygge eit varmare og meir levande lokalsamfunn. I samhandlingsreforma er det lagt opp til samarbeid med dei frivillige, her vil også Frivilligsentralen vere ein viktig resurs.

Ein frivilligsentral skal først og fremst vere med å stimulere dei ”friske” ressursane hos einskildmenneske og i lokalsamfunnet.

Frivilligsentralen i Ulstein er etterkvart ein kjend møteplass for dei fleste som bur i kommunen. Mange naturlege møteplassar forsvinn i dagens utvikling, og difor må vi leggje til rette for nye måtar og møtast på. Fleire ulike aktivitetar der nye menneske møtest er knytt til sentralen. Utfordringar er der likevel mange av. Eit lokalsamfunn i så rask vekst og utvikling som Ulstein kommune har opplevd siste åra, er utfordrande for både offentleg sektor, frivillig sektor og for næringslivet. Mange ynskjer å bruke av si tid for andre.

Frivilligsentralen ynskjer å samhandle med dei ulike aktørane i kommunen om å oppretthalde gode levekår for både barn, unge og eldre i tida som kjem.

Publisert av Annika Brandal. Sist endra 05.05.2017
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Inger Anne  Dimmen Inger Anne Dimmen Dagleg leiar
982 30 613
@ Inger Anne Dimmen
Login for redigering