Følgekort

Følgekort

Dersom du har nedsett funksjonsevne og har behov for følge på ulike arrangement, kollektivreiser og/eller fritidsaktivitetar kan du få følgekort (ledsagerbevis).

Kva er følgekort?

Følgekort er eit tilbod til menneske med nedsett funksjonsevne som treng å ha med følge på kultur- og fritidsarrangement.

Retningsliner for følgekort/ledsagerbevis (PDF, 35 kB).

Meir informasjon om følgekort og ledsagerbevis på helsenorge.no.


Kven kan søke om følgekort?

Følgekort skal gi menneske med nedsett funksjonsevne høve til å ha med følge for å kunne delta på arrangement. Den funksjonshemma sitt følge skal kunne få fri eller rabattert adgang til kultur- og fritidsaktivitetar, i tillegg til visse transportmiddel.


Kva kostar tenesta?

Tilbodet er gratis.

Følgepersonen får kome gratis inn på arrangementet. Innehavaren av kortet betaler aktiviteten sjølv. I Møre og Romsdal reiser følgepersonar gratis med offentleg kommunikasjon.


Korleis søke?

For å få følgekort må du sende ein grunngitt søknad til kommunen. Vi treng passfoto og uttale frå lege, eller anna helsepersonell, for å handsame søknaden din. Det er ingen søknadsfrist – søknader vert handsama så snart vi har fått dei inn. 

Her er elektronisk søknadsskjema.

Dersom du vil ha søknadsskjemaet på papir, eller treng hjelp til sjølve søknaden, er du velkomen til å ta kontakt med servicetorget på rådhuset. Opningstida er klokka 09.00–15.00. Telefon 70 01 75 00.

Kontakt

Annika Brandal
kulturkonsulent/driftsleiar anlegg
E-post
Mobil 40 84 09 00