Velferdsteknologi

Velferdsteknologi


Kva er velferdsteknologi? 

Velferdsteknologi er ei fellesnemning på tekniske installasjonar og løysingar som kan betre den enkelte si evne til å klare seg sjølv i eigen bustad, og bidra til å sikre livskvalitet og verdigheit for brukaren. 

Velferdsteknologi kan delast i fire kategoriar:

  1. Tryggleiksskapande teknologi
  2. Meistringsteknologi 
  3. Utredning- og behandlingsteknologi
  4. Velværeteknologi

På Direktoratet for e-helse sine nettsider finn du meir informasjon.


Føremålet

Målet med velferdsteknologi er å skape ein tryggare og enklare kvardag både for brukaren, pårørande og omsorgspersonell. Tenesta skal mogleggjere at fleire kan bu heime lenger, den skal styrke meistring i kvardagen og bidra til at brukaren kan leve eit aktivt og sjølvstendig liv. Velferdsteknologi vil gi betre behandling og oppfølging av personar med kroniske sjukdomar, og ei betre utnytting, auke i kapasitet og kvalitet i helse- og omsorgstenestene. Bruk av velferdsteknologi handlar ikkje om alder eller diagnose, men om behova til den enkelte. 


Kva kan vi tilby?

Ulstein kommune tilbyr velferdsteknologi som ein del av tenesta i helse og omsorg.

Digital tryggleiksalarm
Digital tryggleiksalarm. Ei kvit, firkanta boks med teksten "HELP" skrive på i midten med raude bokstavar. Høgtalarfunksjon oppe til venstre, og knappar med teksten FN og CANCEL nede til høgre. - Klikk for stort bilete

Tryggleiksalarm er eit hjelpemiddel for den som treng å tilkalle hjelp med ein alarmknapp. Når du trykker på alarmknappen vert det oppretta samband med heimetenesta. Heimetenesta tek anten kontakt direkte med brukaren eller med pårørande, og set i verk naudsynte tiltak. 

Dør- og vandrealarm

Dør- og vandrealarm kan varsle tenesta når brukar opnar døra og går ut innanfor gitte tidsrom. Heimetenesta tek anten kontakt direkte med brukaren eller med pårørande, og set i verk naudsynte tiltak.

Elektronisk medisineringsstøtte
Elektronisk medisineringsstøtte. - Klikk for stort bilete

Dersom folk treng hjelp til medisinering, vert dei tildelt ein medisindispenser dersom dette er føremålstenleg for dei. Per i dag er det Evondos som er i bruk i Ulstein. 

GPS
GPS – utforma som ei klokke. - Klikk for stort bilete

GPS er eit hjelpemiddel for å lokalisere ein person. Ulstein kommune tilbyr utlån av GPS til personar med demens eller som av andre årsaker er hindra frå å bevege seg sjølvstendig utandørs.

 

 

Våre GPS-ar har ein alarmknapp som kan nyttast til å tilkalle hjelp, og den som tek imot alarmen kan ringe til GPS-en og lokalisere brukar. Vi har både GPS-klokker og GPS til å ha i lomme eller rundt halsen.

Digitalt tilsyn

Digitale tilsyn er eit alternativ eller eit supplement til fysiske tilsyn frå personalet på sjukeheim eller i heimeteneste. Det kan vere utstyr som følger med på om ein bebuar er i senga si på natta eller om nokon har falt. Det finst fleire typar av slik teknologi. Ulstein nytter per i dag sensoren Somnofy og Roomate. Du kan lese meir om Somnofy her og om Roomate her. 


Kven kan få tilbodet?

  • du som har behov for tenester frå helse og omsorg same kvar du bur i kommunen 
  • du som ønsker å vere aktiv og bu heime 
  • du som er motivert til å klare deg sjølv. 

Kva kostar det?

Dersom dette er nødvendig helsehjelp, er tilbodet gratis. Andre tiltak kan innebere kostnadar for brukaren.  

 

Korleis søke?

Du søker gjennom dette skjemaet: Søknad om helse- og omsorgstenester

 

Når kan du vente svar?

Søknadar vert fortløpande behandla av eit tiltaksteam som har møte kvar torsdag. Du får skriftleg melding om vedtak. Vedtaket er tidsavgrensa.

 

Klage på vedtak?

Finn du grunn til å klage på vedtak er klagefristen 4 veker.

Du kan sende skriftleg klage til Ulstein kommune v/kommunalsjef helse og omsorg, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.

Om vedtaket ikkje vert omgjort, vert klagen sendt til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal som klageinstans.

 

Kontakt

E-post: ulstein.velferdsteknologi@ulstein.kommune.no

Avdelingsleiar Marlen Breivik Kristensen – marlen.kristensen@ulstein.kommune.no
Telefon 48 16 82 36 (dagtid)

Rådgivar Hildegunn Utgård – hildegunn.utgard@ulstein.kommune.no
Telefon 48 26 06 20