TT-kort

Transportteneste for funksjonshemma.

Kva er TT-kort? 

TT står for transportteneste.


Kven kan få denne tenesta?

Transporttenesta er eit tilbod om drosje-transport til personar som har ei funksjonshemming eller har vanskar med å reise kollektivt.  

TT- ordninga er ikkje ein lovfesta rett, men eit tilbod som Møre og Romsdal fylkeskommune tilbyr deg som innbyggjar.
 

Kva kostar tenesta?

TT- ordninga er meint å dekkje eit bestemt tal med drosje til fritidsreiser. Kortet skal ikkje nyttast til reiser som ein får dekt av det offentlege, som reise til lege/sjukehus.

Eigenandel må betalast for kvar tur.
 

Korleis søke om TT-kort?

Du kan søke elektronisk ved å fylle ut dette søknadsskjemaet. Legeerklæring av ny dato må leggjast ved søknaden. 

I Ulstein kommune er TT-tenesta plassert hos servicetorget på rådhuset. Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål, ynskjer søknadsskjemaet på papir eller treng hjelp til å fylle ut søknadsskjemaet. Telefonnummeret er 70 01 75 00 og åpningstidene er 9–15.

TT- ordninga vert administrert av samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, som igjen samarbeider med kommunane. Kommunen står for godkjenning av nye brukarar i samsvar med retningslinjer utarbeidd av fylkeskommunen. 
 

Når kan du vente svar?

Søknadar vert fortløpande handsama og normalt vil du få svar innan 2-4 veker. Du får skriftleg melding om vedtak.
 

Klage på vedtak?

Finn du grunn til å klage på vedtak er klagefristen tre veker.

Skriftleg klage kan sendast til Ulstein kommune v/kommunalsjef helse og omsorg, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.

Om vedtaket ikkje vert omgjort, vert klagen sendt til Fylkesmannen som klageinstans.

 

Kontakt

Elin Haddal
konsulent
E-post
Mobil 906 78 234
Zari Demirova
konsulent
E-post
Mobil 909 70 299