Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm


Kva er ein tryggleiksalarm?

Tryggleiksalarm er ein sendar du ber på deg som du kan bruke for å kome i kontakt med helsefagleg personell i ein aktutt situasjon. Tryggleiksalarmen er tilknytta vaktsentralen til heimesjukepleien som rykkjer ut heile døgnet dersom alarmen går.

Alarmen skal medverke til å skape tryggheit og sikkerheit for dei som kjenner seg utrygge ved å bu åleine.

 

Kven er målgruppa?

Eldre og menneske med nedsett funksjonsevne som kjenner seg utrygge i heimen.

 

Kva kostar det?

Betalingssats for tryggleiksalarm
Teneste Betalingssats per månad
Tryggleiksalarm 400 kroner

 

Korleis søke?

Klikk her for å kome til søknadsskjemaet, vel "Tryggleiksalarm". 

Dersom du har spørsmål om tenesta kan du rette deg til resepsjonen på Alvehaugen, eller ring oss på telefon 70 01 78 00.

Er du pårørande og skal søke for andre, er dette mogleg ved at du loggar på med din eigen bank-ID.

 

Når kan du vente svar?

Søknadar vert fortløpande behandla av eit tiltaksteam som har møte kvar torsdag. Du får skriftleg melding om vedtak.

 

Klage på vedtak?

Finn du grunn til å klage på vedtak er klagefristen 4 veker.

Du kan sende klage til Ulstein kommune v/kommunalsjef helse og omsorg, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.

Om vedtaket ikkje vert omgjort, vert klagen sendt til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal som klageinstans.

Kontakt

Heidi Strand
einingsleiar 1 heimetenester
E-post
Mobil 98 23 06 40