Matombringing

Mat- og middagslevering

Regelmessig og rett kosthald er viktig for å oppretthalde eit godt funksjonsnivå.

Kven kan få levert mat og middag?

Heimebuande eldre eller andre personar som på grunn av sjukdom, alder eller andre årsaker ikkje er i stand til å ivareta sitt ernæringsbehov, kan søke om tenesta. Søknaden vert vurdert sett i høve til om brukar klarer å lage mat sjølv, eventuelt med tilrettelegging/hjelpemiddel. For eksempel om brukar greier å varme ferdigmat frå butikk sjølv, eller om søkar bur saman med andre som klarer å lage mat/varme ferdigmat frå butikk.

Middagslevering frå omsorgsetaten er ikkje ei vanleg "cateringteneste”. 

 

Kva kan vi tilby?

Middagen vert levert heim til deg porsjonert, varm og vakuumpakka. Det er kjøkkenet på Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter som lagar maten.
 

Kva kostar det?

Betalingssats for mat- og middagslevering
Sal av mat Betalingssats pr. porsjon
Full kost 200 kroner per døgn
Middag 120 kroner per porsjon
Frukost/lunsj/kvelds 70 kroner per porsjon


Korleis søke om mat- og middagslevering?

Bruk skjema for helse- og omsorgstenester, vel "Matombering". 


Når kan du vente svar?

Søknadar vert fortløpande behandla av eit tiltaksteam som har møte kvar torsdag. Du får skriftleg melding om vedtak.


Klage på vedtak?

Finn du grunn til å klage på vedtak er klagefristen 4 veker.

Skriftleg klage kan sendast til Ulstein kommune v/kommunalsjef helse og omsorg, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.

Om vedtaket ikkje vert omgjort, vert klagen sendt til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal som klageinstans.

Kontakt

Heidi Strand
einingsleiar 1 heimetenester
E-post
Mobil 98 23 06 40