Heimesjukepleie

Heimesjukepleie

Kva tilbyr vi?

Heimesjukepleia gir hjelp og støtte til personar som bur heime og som er heilt avhengig av hjelp innanfor følgjande områder:

  • nødvendig pleie og omsorg
  • hjelp til medisinar/injeksjonar
  • sårbehandling
  • observasjon
  • vegleiing om kosthald og helsespørsmål
  • vegleiing og opplæring slik at du kan meistre oppgåver på eigahand. 

Føremålet med tenesta er å gi sjukepleie i eigen heim i dei tilfelle der dette er mogleg og føremålstenleg, slik at du kan bu lengst mogleg i eigen bustad. Heimesjukepleie vert gitt 24 timar i døgnet.


Kven kan få tilbodet?

Heimesjukepleie er eit tilbod til alvorleg, akutt eller kronisk sjuke som bur heime. Du må ha eit hjelpebehov som skuldast sjukdom eller nedsett funksjonsnivå.


Kva kostar det?

Tenesta er gratis.


Korleis søkje om heimesjukepleie?

Bruk skjema for helse- og omsorgstenester og kryss av for "Heimeteneste".


Når kan du vente svar?

Søknadar vert fortløpande behandla av eit tiltaksteam som har møte kvar torsdag. Du får skriftleg melding om vedtak.


Kontaktinformasjon

Du finn kontaktinformasjon nedst på sida. Her finn du nummeret til vakttelefonen til heimesjukepleia


Klage på vedtak?

Finn du grunn til å klage på vedtak er klagefristen 4 veker.

Skriftleg klage kan sendast til Ulstein kommune v/kommunalsjef helse og omsorg, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.

Om vedtaket ikkje vert omgjort, vert klagen sendt til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal  som klageinstans.

Kontakt

Heidi Strand
einingsleiar 1 heimetenester
E-post
Mobil 98 23 06 40