Støttekontakt

Støttekontakttenesta skal vere med å gi personar med særlege hjelpebehov meiningsfull fritid, sosialt samvær og venskapleg hjelp og rådgjeving.

 

Kva kan vi tilby til den som treng tenesta?

Støttekontakta tilbyr mellom anna sosialt samvær og følgje til ulike fritidsaktivitetar. Støttekontakta kan bli med deg å gå tur, gå på kafé, kino, trening eller andre sosiale aktivitetar. Fritidstilbodet skal vere basert på den enkelte brukar sine ønske, behov og forutsetningar. Praktiske gjeremål og transport er ikkje primære oppgåver for fritidskontakta. 

Føremålet med ei støttekontakt er at du som søkjar skal få ei meiningsfylt fritid saman med andre.

Koordinator for kontaktordninga gir opplæring og oppfølgjing av støttekontaktene.
Støttekontaktene må skrive under på at dei har teieplikt. Teieplikta gjeld også etter at støttekontaktperioden er avslutta.


Kven kan få støttekontakt?

Støttekontakt vert tildelt personar og familiar som har behov for dette på grunn av nedsett funksjonsevne, alder eller sosiale problem. Støttekontakt kan også verte tildelt dei som treng personleg hjelp for å ha eit sosialt og aktivt liv.


Kva kostar det?

Tenesta er gratis, men utgifter til aktivitetar må du dekke sjølv.

Du kan søkje om følgjekort (ledsagarbevis), som gjer at fritidskontakta di får gratis inngang på stadar som godtek dette beviset. 


Korleis søkje om å få støttekontakt?

Bruk skjema for helse- og omsorgstenester.


Når kan du vente svar?

Søknadar vert fortløpande behandla av eit tiltaksteam som har møte kvar torsdag. Du får skriftleg melding om vedtak.


Klage på vedtak?

Finn du grunn til å klage på vedtak er klagefristen tre veker.

Skriftleg klage kan sendast til Ulstein kommune v/kommunalsjef helse og omsorg, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.

Om vedtaket ikkje vert omgjort, vert klagen sendt til Fylkesmannen som klageinstans.

 

 

 

Bli støttekontakt

Som støttekontakt vil du bidra til at personar med ulike utfordringar får ei meiningsfylt fritid og eit meir sosialt liv. Du vil hjelpe personen til å styrke hans eller hennar fritidsinteresser og sosiale nettverk.

Våre tenestemottakarar er barn, ungdom og vaksne med ulik grad av behov for tilrettelegging. Interesser, alder, kjønn og personlegheit er viktig når vi prøver å kople riktig støttekontakt og brukar saman.

Ulstein kommune treng støttekontakter. Arbeidstida er primært ettermiddag og kveld, men noko dag- og helgearbeid kan også vere aktuelt. Støttekontakter får lønn av kommunen og køyregodtgjersle etter avtale.

Sjå kontaktinformasjonen nedst på sida. 

Å vere støttekontakt er ein jobb som krev politiattest (vandelsattest). Samtidig som du skriv under oppdragsavtale, vil ansvarleg fylle ut eit skjema som dokumentasjon på at du skal vere støttekontakt. Dette skjemaet skal leggast ved når du søkjer om politiattest. Det er støttekontakta som har ansvar for å innhente politiattesten. Søk om politiattest. 

Kontakt

Lindis Sundgot
E-post
Telefon 70 01 78 05
Mobil 488 93 183