Demenskontakt

Demenskontakt

Det er mogleg å ha god livskvalitet med demens sjukdom, men god informasjon, rettleiing og samarbeid vil vere særs viktig.

Ulstein kommune har ein demenskontakt som kan vere til hjelp.

Kva er demens?

Demens er ei nemning for fleire ulike sjukdomar i hjernen som fører til svikt av intellektuelle funksjonar, kjenslemessig kontroll og funksjonsevne i høve daglege gjeremål. Utredning er viktig for å utelate andre sjukdomar med liknande symptom, og for å få rett til hjelp og støtte - både for den som får demens og overfor pårørande.


Kva kan demenskontakta hjelpe deg med?

  • Kartlegge situasjonen
  • Vurdere behov for hjelp
  • Gi råd i høve hjelpemiddel som kan støtte hukommelse og auke tryggleiken
  • Oppfølging / samtalar med personar med demens og pårørande
  • Rettleiing til personar med demens, pårørande og anna helsepersonell
  • Samarbeide med lege, spesialisthelsetenesta og anna helsepersonell


Kva kostar det?

Tenesta er gratis.


Korleis søkje om demenskontakt?

Det er ikkje eige søknadsskjema for denne tenesta, og du søker ved å ta kontakt med demenskontakta i Ulstein. Du finn kontaktinformasjon nedst på sida. 


Når kan du vente svar?

Søknadar vert fortløpande behandla av eit tiltaksteam som har møte kvar torsdag. Du får skriftleg melding om vedtak.


Klage på vedtak?

Finn du grunn til å klage på vedtak er klagefristen 4 veker.

Skriftleg klage kan sendast til Ulstein kommune v/kommunalsjef helse og omsorg, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.

Om vedtaket ikkje vert omgjort, vert klagen sendt til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal som klageinstans.

Kontakt

Sandra Slettebakk
ergoterapeut
E-post
Mobil 94 78 65 73