Logoped

 

Kva er ein logoped?

Ein logoped gir hjelp til personar som har vanskar med uttale/språklydar, taleflyt og/eller stemme.
 

Kven kan ha nytte av tenesta?

Logopedi kan vere aktuelt for personar med stemmevanskar, taleflytvanskar (f.eks. stamming), språkvanskar (inkludert lese- og skrivevanskar), vanskar med uttale, og spise- og sveljevanskar.

Vanskane kan vere medfødte, eller ha kome på grunn av sjukdom eller skade som har oppstått i løpet av livet.
 

Kva logopeden kan hjelpe deg med

  • Vegleie foreldre og/eller personalet i barnehage og skule
  • Gi brukaren direkte trening på bakgrunn av logopedisk utredning. Hjelpa vert gitt heime. på skulen/i barnehagen eller hos logopeden
  • Kartlegge for eventuell vidare tilvising

Er du i tvil om saka bør tilvisast til logopedtenesta, ta gjerne kontakt med logoped på telefon eller e-post for å snakke om saka.
 

Korleis bli tilvist logoped?

Foreldre, barnehage, skule eller behandlar kan tilvise personar til logoped. Føresatte må samtykke i tilvisinga. Send søknad om tilvising per post.

Søknadsskjema:

 

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.
 

Kontaktinformasjon

Ulstein kommune sin logoped har kontor ved Ulstein helsestasjon/Kompetansesenteret på Reiten, Reiten 20.

Søknad om tilvising sender du til:

Ulstein kommune
Logoped
Postboks 143
6065 Ulsteinvik

Telefonnr.: 70 01 77 83
 

Når kan du vente svar?

Søknadar vert fortløpande behandla. Du får skriftleg melding om vedtak.
 

Klage på vedtak?

Finn du grunn til å klage på vedtak er klagefristen tre veker.

Skriftleg klage kan sendast til Ulstein kommune v/kommunalsjef helse og omsorg, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.

Om vedtaket ikkje vert omgjort, vert klagen sendt til Fylkesmannen som klageinstans.