Fysioterapi


Kva er fysioterapi?

Fysioterapeutar jobbar med kropp, rørsle og funksjon for å fremje god helse. Fysioterapeutar behandlar personar i alle aldrar, og jobbar helsefremjande og førebyggjande inn mot enkeltpersonar, grupper og på samfunnsnivå. Målet er at pasienten kan utvikle, gjenvinne eller halde ved like funksjonsevne, utnytte eigne ressursar og bidra aktivt i å betre eiga helse.

Tenesta er inndelt i kommunalt tilsett kommunefysioterapeut og privatpraktiserande fysioterapeutar med driftstilskot.
 

Kommunefysioterapeut

Kommunefysioterapeuten jobbar i hovudsak med pasientar på Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter. Tilbodet kan omfatte individuell fysioterapivurdering og behandling, rehabilitering, gruppetilbod, hjelpemiddelformidling og rettleiing.

Kommunefysioterapeut:

  • Hege-Anett Leikanger, tlf 915 65 896.


Privatpraktiserande fysioterapeutar

Det fins fleire privatpraktiserande fysioterapeutar i kommunen. Dei tilbyr individuell fysioterapiundersøking og behandling, trening av fysiske funksjonar og gruppetrening. Behandlinga føregår i hovudsak på instituttet, men dei kan tilby heimebehandling ved behov.


Ulstein fysikalske institutt, tlf 70 01 11 30
Adresse:  Sjøgata 13, 6065 Ulsteinvik

Fysioterapeutar:

  • Mariann Topphol - Spesialisering i psykomotorisk fysioterapi
  • Tore Ytre-Hauge - Manuellterapeut
  • Maria B. Værnes
  • Guro Hydle Kvalsvik

 

Ulsteinvik fysioterapi                                                                                     
Adresse: Alvehaugen, Sjukeheimsvegen 18, 6065 Ulsteinvik

Fysioterapeut:

  • Janne Aschehoug, tlf 916 80 485

 

Fysioterapeut med spesialisering i psykomotorisk fysioterapi
Adresse:  Ulshaug (vis à vis Bygdastova), Ulshaugen 15, 6065 Ulsteinvik

Fysioterapeut:

  • Øyvind Sørensen, tlf  916 03 665

 

Kva kostar det?

For barn under 16 år, brukarar på institusjon og pasientar med yrkesskade er tenesta gratis. Elles er det eigenandel etter gjeldande takstplakat opp til eigenandelstak 2.


Korleis får du tenesta?

Du kan ta direkte kontakt med fysioterapeuten. Det er ikkje naudsynt med tilvising frå lege.
 

Klage på vedtak?

Finn du grunn til å klage på fysioterapitenesta skal skriftleg klage sendast til:

Ulstein kommune

Kommuneoverlegen

postboks 143

6067 Ulsteinvik.

 

Om vedtaket ikkje vert omgjort, vert klagen sendt til Fylkesmannen som klageinstans.



 

 

 

 

Kontakt

Hege Anett Leikanger
kommunefysioterapeut
E-post
Mobil 915 65 896