Teneste for psykisk helse og rus

Teneste for psykisk helse og rus

Psykiske helseproblem og rusmiddelproblem skjer i alle aldersgrupper og i alle deler av befolkninga. Ein del klarer å handtere situasjonen ved eigen innsats og med støtte frå familie og nettverk. Andre har behov for hjelp fra helsetenesten.


Kva er teneste for psykisk helse og rus?

Tenesta er eit lågterskeltilbod og ein integrert del av dei øvrige helse- og omsorgstenestene.
 

Kven kan få tilbod om denne tenesta?

Våre tilsette gir hjelp og støtte til personar med vanskar knytt til psykisk helse og rus, og deira pårørande.
 

Om tenesta

Tenesta høyrer inn under heimetenestene i kommunen. Eit tverrfagleg team gir individuell oppfølging i heimen eller i samtalar på eit kontor. Gruppeaktivitetar og dagtilbod er ein del av tenesta. Med fokus på førebygging gir teamet også oppfølging av unge personar.

Dei som tek imot hjelp får tildelt ei primærkontakt, og det vert skrive vedtak på timetal og innhald i hjelpetiltaket. 

Målsettinga er:

  • å gi hjelp og støtte
  • å førebygge og redusere problemutvikling
  • å fremje meistring av eige liv
  • å betre levekåra

Kva hjelp vi kan tilby:

  • individuell oppfølging etter behov
  • fremje sak om tvangsvedtak for Fylkesnemnda - rus
  • tilvising og oppfølging i samband med rusbehandling i 2. linjetenesta
  • oppsøkande verksemd ved bekymringsmeldingar
  • dagtilbod for psykisk helse og rus
  • ulike gruppetilbod 
  • oppfølging av pårørande, informasjon, råd og rettleiing
  • Ta Tak - interkommunalt pårørandekurs i samarbeid med KoRus og 2. linjetenesta


Smitteverntiltak og førebygging av overdose

Kommunen tilbyr gratis brukarutstyr til rusmisbrukarar som injiserer. Ta kontakt med tenesta ved behov for utlevering. Utleveringa går føre seg måndag til fredag mellom klokka 08.00–16.00, etter avtale.

Vi deler også ut naloxonspray til dei som bruker opiatar for å førebygge fare for overdose.

 

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.
 

Korleis søke om dette tenestetilbodet?

Bruk skjema for helse- og omsorgstenester.

Du kan også ringe Silje Kleven Eriksen, sjå kontaktinformasjonen nedanfor. 

Eit anna alternativ er at fastlegen din eller ein annan instans sender skriftleg tilvising.  


Når kan du vente svar?

Søknader vert fortløpande behandla. Etter at søknad er motteken vert du kalla inn til ein kartleggingssamtale. Etter at kartlegging og vurdering av behov for tenester er gjennomført, vil du få ei skriftleg melding om vedtak.


Klage på vedtak?

Finn du grunn til å klage på vedtak er klagefristen 4 veker.

Skriftleg klage kan sendast til Ulstein kommune v/kommunalsjef helse og omsorg, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.

Om vedtaket ikkje vert omgjort, vert klagen sendt til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal som klageinstans.


Adresser

Besøksadresse: Ulshaugen 2 A

Postadresse: Teneste for psykisk helse og rus, postboks 143, 6067 Ulsteinvik 
 

Tilsette/kontakt

Silje Kleven Eriksen, silje.kleven.eriksen@ulstein.kommune.no, tlf. 982 30 636

Gina Mari Nesset Havåg, gina.mari.nesset@ulstein.kommune.no, tlf. 902 26 591

Solgunn Høyvik Moltubakk, solgunn.moltubakk@ulstein.kommune.no, tlf. 982 30 618

Margaret Bjerkvik, margaret.bjerkvik@ulstein.kommune.no, tlf. 916 11 541

Berit Velsvik, berit.velsvik@ulstein.kommune.no, tlf. 414 67 531

Eldbjørg Ertesvåg, eldbjorg.ertesvag@ulstein.kommune.no, tlf. 481 68 240

Monika Garnes, monika.garnes@ulstein.kommune.no, tlf. 982 30 633

Astri-Louise Nevstad, astri-louise.nevstad@ulstein.kommune.no, tlf. 481 68 221

Kontakt

Heidi Strand
einingsleiar 1 heimetenester
E-post
Mobil 98 23 06 40
Silje Kleven Eriksen
Avdelingsleiar
E-post
Mobil 98 23 06 36