Sjølvmordsførebygging

Sjølvmordsførebygging

Opplever du at livet er vanskelig og har tankar om at du ikkje har lyst til å leve, kan du ha behov for oppfølging.

I Ulstein kommune kan fastlege og teneste for psykisk helse og rus vere aktuelle hjelpeinstansar.

Er du ungdom kan helsesjukepleiar på skulen eller helsestasjon for ungdom vere ein stad du kan få oppfølging.

Fastlegen din kan også tilvise vaksne for oppfølging ved Volda DPS og ungdom til BUP.

Dersom du har behov for akutt hjelp kan du ta kontakt med legevakt eller ringe 113.

Det finst også ulike hjelpetelefonar som du kan ringe eller hjelpetilbod der du kan chatte.

Dersom du er bekymra for nokon og tenker det er fare for at vedkomande kan ta sjølvmord, ta kontakt med hjelpeapparatet.

Hjelpetelefonar og chat
Namn Telefon/adresse
Ulstein legesenter 70 01 89 89
Teneste for psykisk helse og rus 98 23 06 36
Helsestasjon for ungdom: 45 25 37 42/94 13 34 29
Legevakt dagtid 70 01 89 89
Legevakt ettermiddag/kveld/natt 116 117
Ved akutt sjølvmordsfare (naudhjelp) 113
Mental helse sin hjelpetelefon 116 123
Kirkens SOS (krisetelefon) 22 40 00 40
Alarmtelefon for barn og unge 116 111
Chat www.sidetmedord.no