Kvifor eit nasjonalt pakkeforløp?
Pakkeforløp for psykisk helse og rus skal gje deg som pasient eller pårørande eit behandlingsforløp som er heilskapleg og utan unødig ventetid. Du skal få meir innverknad på behandlinga, og den skal bli evaluert systematisk undervegs.
Pakkeforløpet skal bidra til å sette god praksis i system, men der følgjer ikkje med nye rettigheiter eller plikter. Målet er å stadig forbetre behandlingstilbodet på psykisk helse og rus og redusere uønska variasjon av tilbodet i landet, slik at alle får så god og effektiv behandling som mogleg.
Dei fem måla for pakkeforløpa
- Auka brukarmedverknad og brukartilfredsheit
- Samanhengande og koordinerte pasientforløp
- Unngå unødig ventetid
- Likeverdig tilbod til pasientar og pårørande uavhengig av kor i landet de bur
- Betre ivaretaking av somatisk helse og gode levevanar
Meir informasjon om pakkeforløpet
Her kan du lese kva helsenorge.no seier om det nye pakkeforløpet for psykisk helse og rus.
Her kan også lese kva Helsedirektoratet seier om pakkeforløpet for psykisk helse og rus.