Vaksinehistorikk

Vaksinehistorikk

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.
Desember 2021

30. desember

Det vart sett til saman 785 vaksinedosar 22. og 29. desember. I all hovudsak er det snakk om boosterdosar som vert gitt til alle over 18 år - og som har minst 20 vekers intervall frå sist dose. 

Neste vaksinasjonsdag er 5. januar, og denne dagen er fullteikna. Det er ledige timar 12. januar og alle onsdagar framover i tid. 

Innkallingasystemet C19 sender ut SMS til alle som har tilstrekkeleg langt intervall sidan andre dose. Den som får SMS kan følge ei lenke for å bestille seg time. Viss timen ikkje passar kan du avbestille og legge inn «kan tidligst»-dato.

27. desember

22. desember var det sett 456 vaksinedoser i Ulstein. Storparten av desse var oppfriskingsdosar.

Vaksinering 29. desember

NB! Vaksinasjonsdagen 29. desember er fullteikna, men det er ledig tid for vaksinering 5. januar.

Nytt no er at det opna opp for at alle over 18 år kan få time til oppfriskingsdose. Kravet er at det har gått 4,5 månad (20 veker) sidan andre dose.

Innkallingasystemet C19 sender ut SMS til alle som har tilstrekkeleg langt intervall sidan andre dose. Den som får SMS kan følge ei lenke for å bestille seg time. Viss timen ikkje passar kan du avbestille og legge inn «kan tidligst»-dato.

For spørsmål eller hjelp til bestilling, send SMS til 477 54 774.

Hatt korona?

Det er eigne retningslinjer for vaksinering av dei som har gjennomgått koronasmitte. Dei dette er aktuelt for kan ta kontakt med helsestasjonen.

 

18. desember

VAKSINERING

15.desember vart det sett 612 vaksinedosar i Ulstein kommune. Dette var i all hovudsak oppfriskingsdosar, altså tredje dose med koronavaksine, til dei over 45 år, risikogrupper og helsepersonell. 

GOD TILGANG PÅ VAKSINEDOSAR FRAMOVER

Intervallet mellom andre og tredje dose er sett til 4,5 månad. Alle frå 45 år vil få melding frå C19 om at dei er prioritert når intervallet er langt nok mellom dosane. Det er høve til å sjølv ta kontakt for å bli sett opp til oppfriskingsdose fram i tid. Dette gjeld også dei som er i risikogrupper, frå 18 år. Send SMS til 477 54 774.

Det er bestemt at tilsette i skular og barnehagar i Ulstein skal prioriterast for vaksinering. Dette gjeld frå 18 år og eldre. Skular og barnehagar er orientert om dette, og aktuelle personar vert meldt inn. Det er også høve for dei dette gjeld å sjølv ta kontakt med helsestasjonen for å verte sett opp til time. Send SMS til 477 54 774

Vi oppmodar elles uvaksinerte personar som ønsker å ta vaksine om å ta kontakt med oss. Vi vaksinerer i Reitensalen kvar onsdag, men legg til rette for dei som av ulike årsaker ønsker å ta vaksine på eit privat rom. Dei dette gjeld kan gi beskjed enten i forkant av vaksinering, eller når dei møter til timen.

VAKSINERINGSDATOAR

Det vert vaksinering 22. desember og 29. desember, deretter 5. januar og kvar onsdag framover etter det. 

 

14. desember

Oppmodar uvaksinerte som ønskjer vaksine om å ta kontakt

Det er opna for vaksinering også den 22. desember, og Ulstein kommune oppmodar alle som ønsker å ta vaksine om å ta kontakt med helsestasjonen. Send SMS til 477 54 774

Det vert også éin dag med vaksinering i romjula. Meir info om dette kjem.

Intervallet mellom andre og tredje dose er no endra til 4,5 månad for dei som er fylt 45 år og eldre. Det er også mogleg for helsepersonell og personar i risikogrupper, i alle aldrar, å ta kontakt for å sette opp time til tredje dose.

 

8. desember

534 personar fekk koronavaksine i Ulstein, onsdag. I all hovudsak er det snakk om tredjedosar, men der er også ein del førstegangsvaksineringar. 

Siste vaksinasjonsdag før jul vert 22. desember, og første etter jul vert 5. januar. Helsetenesta tek sikte på å vaksinere kvar onsdag på nyåret. 

Du kan bestille time til vaksinering via C19 eller sende SMS til 477 54 774.

 

2. desember

Helsetenesta bed følgande grupper ta kontakt for time til koronavaksine:

  1. Uvaksinerte frå 12 år
  2. Alle over 16 år som ikkje har tatt andre dose
  3. Alle fullvaksinerte mellom 45-64 år som ønsker ein tredje dose (minst 6 månadar sidan andre dose)
  4. Alle fullvaksinerte over 65 år som ønsker ein tredje dose (minst 5 månadar sidan andre dose)

For timebestilling:

  • Er du under 65 år sender du SMS til 477 54 774
  • Er du over 65 år kan du følgje lenke frå C19 eller sende SMS til 477 54 774

Oppdatering om vaksinering:

Onsdag 1. desember vart det sett 528 Pfizer-doser ved Ulstein helsestasjon. Dosane var jamt fordelt mellom andre dose til 16-17-åringar, og tredje dose til dei over 65 år. Det vert vaksinering 8. desember og 15. desember, og det er ledig kapasitet begge dagar.

 

 

 

Tilbod om oppfriskingsdose til alle over 65 år

Dei som ønskjer å ta ein tredje dose koronavaksine (oppfriskingsdose), kan ta kontakt med helsestasjonen. Kravet per i dag er at du er født i 1956 eller tidlegare, og at det er minst seks månader sidan andre dose. Alle frå 65 år kan ta kontakt, så gir vi time med rett intervall mellom andre og tredje dose.

Send SMS til 477 54 774 for å få sett opp time.

 

Koronavaksinering i november og desember

 

Det vert vaksinert på følgande datoar fram til nyttår:

10.november

17.november

1. desember

15. desember

 

Alle som er fylt 65 år kan ta kontakt for å bestille seg time til ein tredje dose med koronavaksine, og vert då sett opp på ein dato minst seks månadar etter andre dose.

Vi har ledige timar på alle datoar, og kan gi time til:

  1. Gravide i 2. eller 3. trimester
  2. Dei som tidlegare har takka nei til vaksine
  3. Barn mellom 12-17 år
  4. Alle over 18 år som fekk første dose for minst fire veker sidan
  5. Dei som av helsemessige årsaker har fått beskjed av lege om å ta tredje dose

 

Bestill deg ein time via www.c19.no, eller send ein SMS til 477 54 774

November 2021

23. november

3. dose og influensavaksinering:

Alle innbyggarar over 65 år i Ulstein skal ha fått SMS frå C19 der dei kan følge ei lenke og bestille seg time til 3.dose av koronavaksinen. Det er framleis mange som ikkje har svart på denne meldinga, og ved helsestasjonen jobbar dei no med å ringe desse for å sikre seg at alle har fått tilbodet. Viss dette gjeld nokon du kjenner, så hadde vi sett stor pris på om du kunne bidra med digitale kompetanse og hjelpe den det gjeld.

Alternativt send ein SMS til 477 54 774, så kan vi hjelpe!

Vi har ledige timar 8. desember og 15. desember!

Den 8. desember kl 15-16 vil vi også tilby influensavaksine til alle som ønsker det. Gå inn på www.c19.no for bestilling av time, eller kontakt oss på SMS 477 54 774. Om ikkje den 8. desember passar for deg, ta kontakt.

 

15. november

Det vert no sendt ut sms frå C19 til innbyggarar over 65 år. Vi byrjar med dei eldste, og går gradvis nedover i alder. Alle som er registrert med mobilnummer i folkeregistrert vil få ein SMS som inneheld ei lenke. Ved å følge denne lenka kan du velge å takke ja eller nei til vaksine. Takkar du ja, får du automatisk tildelt ein time som gir rett intervall mellom andre og tredje dose (seks månadar). Takkar du nei vil du få ei kvittering som stadfestar dette.

Sidan vi tok i bruk dette systemet først i mai i år, så vil det ikkje ligge inne viss nokon tidlegare har takka nei. Alle over 65 år med mobilnummer registrert vert dermed kontakta. Viss du er over 65 år og ikkje får SMS i løpet av den næraste tida kan dette tyde på at vi ikkje har mobilnummer registrert. Vi ber derfor om at dei over 65 år som ønsker vaksine og ikkje har fått SMS frå C19, kontaktar oss ved å sende melding til 477 54 774.

Vi tilbyr vaksinering 17.november (få ledige plassar), 1. desember og 15. desember.

10. november

10.november vart det sett 318 koronavaksinar på Ulstein helsestasjon. Fleirtalet av desse er oppfriskingsdosar til innbyggarar som har fylt 65 år, og som har gått seks månadar sidan dei fekk andre dose.

Vi har fortsatt ledige timar til vaksinering 17.november, 1.desember og 15.desember. For time, ta kontakt via sms til 477 54 774.

Oktober 2021

6. oktober

I dag har det vorte sett 102 dosar Pfizer-vaksiner, der mesteparten er revaksinering.

Neste dato for vaksinering er 20.oktober, og det er ledige dosar den dagen.

Oppmodar alle som ønskjer å ta vaksine om å kontakte oss per SMS: 477 54 774

Dette gjeld spesielt:

  1. Dei som vil ha sin første dose
  2. Dei som skal ha andre dose, og det har gått minst fire veker sidan første dose.
  3. Gravide i 2.-3.trimester
  4. Dei som etter råd frå lege skal ha ein tredje vaksinedose 
  5. Tidlegare takka nei, men ønskjer vaksine no

Det har kome nye råd frå FHI om ein tredje booster-dose til alle over 65 år. Det skal gå minst seks månadar mellom andre og tredje dose for denne gruppa. Vi vil kome med meir informasjon om bestilling av time til booster-dose.

September 2021

29. september

29.september vart det sett 129 vaksinedosar (Moderna) i Ulstein kommune, i all hovudsak revaksinering.

Neste vaksinasjonsdato vert 6. oktober. Denne datoen er fullbooka, men det er mogleg å sette seg på venteliste. Vidare vaksinerer vi annakvar veke (20. oktober, 3. november og 17. november), og det er ledige timar til desse datoane.

Ta kontakt for time:

  1. Gravid 2. eller 3. trimester
  2. Pga. sjukdom/medikamentbruk skal ha ei tredje dose ((https://www.fhi.no/nyheter/2021/enklere-tilgang-til-3.-dose-for-personer-med-nedsatt-immunforsvar/))
  3. 12-18 år
  4. Tidlegare takka nei, men ønskjer vaksine

Ring oss eller send sms: 477 54 774

 

22. september

Den 22. september vart det sett 383 vaksinedosar i Ulstein. Fleirtalet av dei som fekk vaksine var ungdom mellom 12-18 år. Dei mellom 12-15 år skal berre ha éin vaksinedose, og er rekna som fullvaksinerte i Noreg.

Vi skal vaksinere 29. september og 6.oktober, deretter vert det vaksinering berre annakvar veke framover. Dei som av ulike årsaker ikkje har fått vaksine, men som ønskjer å takke ja, må ta kontakt med oss snarast råd.

Dette gjeld spesielt:

  1. Tidlegare takka nei, men no ønskjer vaksine.
  2. Gravide i 2.-3. trimester
  3. Barn og ungdom mellom 12-15 år
  4. Dei som skal ha ein 3. vaksinedose på bakgrunn av sjukdomstilstand eller medikamentbruk (https://www.fhi.no/nyheter/2021/enklere-tilgang-til-3.-dose-for-personer-med-nedsatt-immunforsvar/)
  5. Utanlandsk arbeidskraft som skal opphalde seg i Ulstein kommune, og som ikkje er vaksinerte eller berre har fått éin dose.

Til info så har det no kome informasjon om at Storbritannia godkjenner kryssvaksinering, dvs. to dosar av ulik type. Dette er særleg relevant for dei som reiser mykje i jobbsamanheng

15. september

15.september vart det sett 275 Moderna-vaksiner i Ulstein kommune. Av desse fekk 16 personar si første dose.

FHI har utarbeidd ei oversikt over kven som bør få ein tredje dose med koronavaksine, basert på diagnose og/eller medikamentbruk: https://www.fhi.no/nyheter/2021/enklere-tilgang-til-3.-dose-for-personer-med-nedsatt-immunforsvar/

Vi har allereie byrja å gi vaksiner til dei dette gjeld, og ber aktuelle personar om å ta kontakt med oss for å bestille time.

22. september skal dei mellom 12-15 år prioriterast for vaksinering, og i tillegg dei som er 16 og 17 år som ikkje allereie har fått vaksine. Viser til info sendt ut til skulane, og til kommunen sine nettsider.

Gravide i 2. og 3. trimester er anbefalt å ta vaksine, og kan ta kontakt med helsestasjonen for time.

Vi har god tilgang til vaksiner dersom nokon ønskjer å framskunde dose to (minimum 4 veker sidan første dose), eller tidlegare har takka nei og no ønskjer vaksine. Kontakt helsestasjonen på: 477 54 774

 

9. september

8. september vart det sett 600 doser Pfizer-vaksinar i Ulstein. Av desse fekk 248 sin første dose. Totalt har no 6272 personar fått første dose i kommunen, av desse har 4693 fått to dosar. Av dei som fekk første dose denne veka, var fleirtalet 16- og 17-åringar. Det var også rundt 50 niandeklassingar som fekk vaksine.

Gravide

Folkehelseinstituttet har gått ut med råd om at gravide i andre og tredje trimester bør vaksinere seg mot Covid-19. Gravide som har utsett vaksinering kan ta kontakt med oss for vaksine. Les meir her: https://www.fhi.no/nyheter/2021/oppdatert-vaksineanbefaling-for-gravide/

Vaksinering av 12-15-åringar

I løpet av kort tid vil vi kome med praktisk informasjon kring vaksinering av dei mellom 12-15 år (https://www.fhi.no/nyheter/2021/12-15-aringer-tilbys-koronavaksinasjon/). Folkehelseinstituttet (FHI) rår til at vaksinetypen Comirnaty frå BioNTech/Pfizer vert brukt til denne aldersgruppa, og dei skal berre ha ein dose. Vi vil tilby vaksine den 22. september til denne gruppa, men vi ber om alle avventar å kontakte oss til de har fått informasjon gjennom skulen.

Vaksinering 16-17-åringar

Alle som er født i 2004 og 2005 skal ha fått SMS frå C19 med tilbod om vaksine. Nokre vil oppleve å få fleire SMS-ar frå oss fordi dei ikkje har svart på den første. Det enklaste er å følgje lenkja og booke seg time eller takke nei, via bank-ID-innlogging. For dei som ikkje har bank-ID, er det berre å ringe oss for hjelp. Den 22. september vil dei i denne aldersgruppa som ikkje har fått vaksine, få nytt tilbod. Intervallet til andre dose er minst 8 veker. Info frå FHI: https://www.fhi.no/nyheter/2021/16-17-aringer-far-tilbud-om-koronavaksinasjon/

ELEVAR FRÅ ANDRE KOMMUNAR

Vi tilbyr i utgangspunktet vaksine til elevar som er tilhøyrande i Ulstein kommune. Utanom dei som er folkeregistrert her, har vi også berekna å vaksinere dei som bur på hybel i kommunen. Alle elevar som ynskjer vaksine hos oss av praktiske årsaker, må ta kontakt for time, så prøvar vi i imøtekome ynskjer så langt det er mogleg.

Ved spørsmål ta kontakt med Ulstein helsestasjon per telefon 477 54 774. For endring av time, uansett årsak, send SMS til 477 54 774.

 

6. september 2021:

Det er no bestemt at aldersgruppa 12-15 år skal få tilbod om éin dose av Pfizer sin koronavaksine, Comirnity.
Les meir frå FHI her: Informasjonsbrev om vaksinasjon til ungdom 12-15 år

Det er planlagt vaksinering av denne aldersgruppa 22. september. Allereie fyrstkomande onsdag, 8. september, har vi tilgang til Pfizer-vaksinen, og vil tilby alle som går i 9. klasse å få vaksine denne dagen. Det er kort varsel, så dersom det ikkje passar, så set vi opp time den 22. september. Årsaka til at vi ikkje byrjar med 10. klasse, er fordi det er konfirmasjon påfølgande helg. Vi legg opp til vaksinering på ettermiddagen, etter skuletid, for 9. klassingane.

VIKTIG INFO OM INNKALLING

Per i dag har vi ikkje moglegheit til å kalle inn dei under 16 år på same måte som vi har gjort før, altså med sms via C19. Vi ber derfor dei som ynskjer å bestille time om å kontakte oss per sms eller telefon: 477 54 774

VIKTIG INFO OM SAMTYKKE

ALLE under 16 år treng samtykke får begge føresette for å kunne få vaksine. Samtykkeskjema må skrivast ut og takast med til vaksinasjon, og kan lastast ned her: Samtykkeskjema for ungdom under 16 år

Det vil kome meir info om vaksinering 22. september, men no vil vi først gå ut med informasjon til 9.klassingane sidan det er kort varsel.

Les meir om bakgrunnen for vaksinering av dei mellom 12-15 år på FHI sine nettsider: https://www.fhi.no/nyheter/2021/12-15-aringer-tilbys-koronavaksinasjon/

 

2. september 2021:

1.september vart det sett 570 dosar Moderna-vaksiner i Ulstein. Av desse fekk 58 sin første dose. Totalt har no 6024 personar fått første dose i kommunen, av desse har 4341 fått to dosar.

Folkehelseinstituttet har gått ut med råd om at gravide i andre og tredje trimester bør vaksinere seg mot Covid-19. Gravide som har utsett vaksinering kan ta kontakt med oss for vaksine. Les meir her: https://www.fhi.no/nyheter/2021/oppdatert-vaksineanbefaling-for-gravide/

Her kjem litt praktisk informasjon kring vaksinering av ungdom født i 2004 og 2005:

INNKALLING:

I løpet av formiddagen 2. september vil alle som er fylt 16 år som er folkeregistrert i Ulstein få ein SMS frå C19, som er vårt innkallingssystem for vaksinering. Det er svært viktig at alle følgjer lenka på SMS-en frå C19, og tek eit val om å takke ja eller nei til vaksine. Dei som takkar ja til vaksine vil få tildelt ein time den 8. september på første ledige tidspunkt, og få tilsendt denne timen på sin mobil. Dei som takkar nei, vil få ei stadfesting på dette.

MERK:

Alle som IKKJE er fylt 16 år, dvs alle som er født seinare enn 8.september 2005,ha samtykke frå begge føresette for å kunne ta stilling til vaksine. Samtykkeskjema MÅ vere fylt ut for å kunne få vaksine, og takast med på vaksinasjonsdagen. Samtykkeskjema skal også fyllast ut i dei tilfella ein takkar nei til vaksine. Desse kan leverast i resepsjonen på helsestasjonen eller sendast på e-post til ulstein.helsestasjon@ulstein.kommune.no. Lenke til samtykkeskjema: Samtykkeskjema under 16 år

TYPE VAKSINE:

Folkehelseinstituttet (FHI) anbefaler vaksinetypen Comirnaty frå BioNTech/Pfizer til denne aldersgruppa. Vi har god tilgang til denne vaksinen 8.september, og prioriterer derfor 16-17-åringane den dagen. Tilrådd intervall er 8-12 veker, og i Ulstein kjem det til å bli tilbydd time til andre dose etter 8 veker. Viss dato for andre dose ikkje klaffar for enkelte, så kan dei utsette timen, men ikkje lenger enn 12 veker.

Oppdatert informasjon frå FHI: https://www.fhi.no/nyheter/2021/16-17-aringer-far-tilbud-om-koronavaksinasjon/

ELEVAR FRÅ ANDRE KOMMUNER

Vi tilbyr i utgangspunktet vaksine til elevar som er tilhøyrande i Ulstein kommune. Utanom dei som er folkeregistrert her, har vi også berekna å vaksinere dei som bur på hybel i kommunen. Alle elevar som ynskjer vaksine hos oss av praktiske årsaker, må ta kontakt for time, så prøvar vi i imøtekome ynskjer så langt det er mogleg.

Ved spørsmål ta kontakt med Ulstein helsestasjon per telefon 477 54 774. For endring av time, uansett årsak, send SMS til 477 54 774.

August 2021

27. august 2021:

25.august vart det sett 569 dosar Moderna-vaksiner i Ulstein. Av desse fekk 56 sin første dose. Totalt har no 5966 personar fått første dose i kommunen, av desse har 3829 fått to dosar.

Også 1. september vil det vere Moderna-vaksinen som vert gitt. Moderna er ein tilsvarande vaksine som Pfizer, og dei kan kombinerast med kvarandre. Moderna har vist seg å gi betre effekt mot Delta-varianten av koronaviruset, og ein kan forvente noko meir av dei vanlege influensaliknande biverknadar som muskelsmerter, hovudverk og lett feber.

Folkehelseinstituttet har gått ut med råd om at gravide i andre og tredje trimester bør vaksinere seg mot korona. Gravide som har utsett vaksinering kan ta kontakt med oss for vaksine. Les meir her: https://www.fhi.no/nyheter/2021/oppdatert-vaksineanbefaling-for-gravide/

Den 8. september vil vi prioritere å vaksinere 16- og 17-åringar. Desse får tilbod om Pfizer-vaksinen, og vil få høve til å bestille time når dei mottar ein SMS frå C19 om lag 2. september. Vi kjem med meir informasjon om dette når det nærmar seg.

Fleire som tidlegare har takka nei til vaksine, tar no kontakt for å få bestille seg time. Vi har god tilgang på vaksiner 1. september, så dersom nokon ynskjer å takke ja, så er det berre å ta kontakt. Elles flyttar vi fram vaksinering med minimum 4-vekersintervall for alle. Viss den nye timen ikkje passar, kan ein også ta kontakt med oss per SMS eller telefon.

For flytting eller bestilling av time, ta gjerne kontakt med oss per SMS: 477 54 774

20. august 2021:

Denne veka vart det sett 624 doser Pfizer-vaksine i Ulstein. Av desse fekk 76 si første dose. Totalt har no 5910 personar i Ulstein fått første vaksinedose, og av desse har 3316 fått to dosar.

I veke 34 og 35 har vi fått tilgang til Moderna sin koronavaksine. Framover vil difor nokre få Moderna- og nokre Pfizer sin vaksine. Dei er likestilte. Moderna er ein tilsvarande vaksine som Pfizer, og dei kan kombinerast. Moderna har vist seg å gi betre effekt på Delta-varianten av koronaviruset. Du kan kanskje oppleve noko meir av vanlege influensaliknande biverknader ved denne vaksinen, som muskelsmerte, hovudverk og lett feber.

Folkehelseinstituttet har gått ut med råd om at gravide i andre og tredje trimester bør vaksinere seg mot koronaviruset. Gravide som har utsett vaksinering kan ta kontakt med oss for vaksine.

Les meir her: https://www.fhi.no/nyheter/2021/oppdatert-vaksineanbefaling-for-gravide/

For flytting eller bestilling av time, ta gjerne kontakt per SMS: 477 54 774

13. august 2021:

5834 personar i Ulstein har fått første dose med koronavaksine. Av desse har 2768 også fått andre dose og er fullvaksinerte.

Neste veke held vi fram, og tek sikte på 600 vaksineringar.

Vi prioriterer tilsette i barnehagar og skular, studentar og sjøfolk.

Dei som er vaksinert i juni og i byrjinga av juli, og ønskjer å endre timen for andre vaksinedose, kan sende SMS til  477 54 774.

Dei som har time til andre dose i oktober og november vil få tilsendt SMS med framskunding av ny time - de treng IKKJE å ta kontakt.

5. august 2021:

5631 personar i Ulstein har fått første dose med koronavaksine. 2371 har fått to dosar og er fullvaksinerte.

I veke 32 får Ulstein mange vaksinar, og har følgjande prioritering:
Tilsette i barnehagar og skular: Vi ønskjer at flest mogleg av desse skal verte fullvaksinerte så raskt som råd. Alle har fått dose éin og tilbod om dose to i oktober. Om dei ønskjer, kan dei ringe helsestasjonen (477 54 774) for å framskunde timen til minimum tre veker etter første dose.

Studentar: Om du er student og har fått din første dose i Ulstein - og tenkjer å ta andre dose på studiestaden, gi beskjed og avbestill timen du har fått i Ulstein. Om det er meir enn tre veker sidan første dose, kan studentar få sin andre dose i Ulstein. Ta kontakt via telefon (477 54 774).

Sjøfolk og alle som har fått vaksine i juni kan kontakte helsestasjonen for revaksinasjon, Dei har kapasitet til å framskunde andre dose.
Dei som tidlegare har takka nei, men som no likevel ønskjer vaksine, har sjølvsagt rett til å ombestemme seg. Det er berre å ringe helsestasjonen for avtale (477 54 774).

Alle med bustadadresse i Ulstein kommune skal no ha fått SMS med innkalling til vaksinering.
Om nokon ikkje har fått SMS  - ring helsestasjonen på tlf. 477 54 774.
Helsestasjonen melder at dei har oversikt over kven som opnar og svarar på SMS med tilbod om time til vaksinering via C19. Fleire har ikkje svart, og helsestasjonen bed om at desse så snart som råd svarar på SMS-en, enten om det er for å takke ja eller nei til vaksine.
Ring om du har spørsmål eller treng hjelp til bestilling.

Juli 2021

 

28.07.2021

5151 personar i Ulstein har fått første dose med koronavaksine. 2251 har fått to dosar og er fullvaksinerte.

Alle med bustadadresse i Ulstein kommune skal no ha fått SMS med innkalling til vaksinering.

Om nokon ikkje har fått SMS  - ring helsestasjonen på tlf. 477 54 774.

Helsestasjonen melder at dei har oversikt over kven som opnar, les og svarar på SMS med tilbod om time til vaksinering via C19. Fleire har ikkje svart, og helsestasjonen bed om at desse så snart som råd svarar på SMS-en.

Ring om du har spørsmål eller treng hjelp til bestilling.

I veke 31 og 32 får Ulstein mange vaksinar, og har følgjande prioritering:

Tilsette i barnehagar og skular: Vi ønskjer at flest mogleg av desse skal verte fullvaksinerte så raskt som råd. Alle har fått dose éin og tilbod om dose to i oktober. Om dei ønskjer, kan dei ringe helsestasjonen for å framskunde timen til minimum tre veker etter første dose.

Studentar: Om du er student og har fått din første dose i Ulstein - og tenkjer å ta andre dose på studiestaden, gi beskjed og avbestill timen du har fått i Ulstein. Om det er meir enn tre veker sidan første dose, kan studentar få sin andre dose i Ulstein. Ta kontakt via telefon.

 

22.07.2021

Status for vaksinering: 4660 personar i Ulstein har fått første dose, 2196 har fått to dosar, og er fullvaksinerte.

Alle med bustadadresse i Ulstein kommune skal no ha fått SMS frå C19, om ikkje bed vi om at de tek kontakt med helsestasjonen på 477 54 774.

Det er fleire som ikkje svarar på meldinga og vi ønskjer at dei dette gjeld svarar snarast råd.

MERK: Vi ser ein auke i talet på personar som må utsette/bytte sin time til koronavaksinering. Vi sett pris på om timen du har fått tildelt kan tilpassast. Om dette er vanskeleg, ønsker vi så tidleg som mogleg beskjed, for å kunne tilby ein annan din time til koronavaksinering.

14.07.2021:

4298 personar har fått første dose, 2018 har fått to doser og er fullvaksinerte.

Vi er no ferdig med å sende ut melding til gruppe 10 (alder 18-24 år og 40-44 år). Alle i gruppe 10 skal ha fått SMS frå oss, om ikkje kan du ringe oss på 477 54 774. Vi vil snart begynne å sende ut innkalling til gruppe 11 (alder 39-25 år). Vi oppfordrar alle til å svare så raskt som råd på SMS som blir utsendt frå oss. Følg lenkja for å takke ja eller nei til vaksine. Dersom ein takkar ja, vil ein automatisk få tildelt første ledige time. Om nokon av viktige årsaker treng å endre timen, kan dei avbestille og legge inn tidlegaste dato dei er tilgjengeleg til vaksinering. Alle som får SMS, men som allereie har fått vaksine, bes ringe oss på 477 54 774. Ved spørsmål eller hjelp til bestilling, ta også kontakt med oss.

Alle lærarar og barnehagetilsette som jobbar i kommunen skal no ha fått SMS frå oss.  

MERK: Vi ser ei auke i personar som må utsette/bytte sin time til koronavaksinering. Vi set pris på om timen du har fått tildelt kan tilpassast. Om dette er vanskeleg, ønsker vi så tidleg som mogleg beskjed, for å kunne tilby ein annan din time til koronavaksinering.

 

07.07.2021:
4098 personar har fått første dose, 1858 har fått to doser og er fullvaksinerte. 

Vi er no godt i gang med å kalle inn gruppe 10 – Alder 18-24 år og 40-44 år. Personar født i 2003-2001 og 1977-1979 har fått SMS frå C19. Vi oppfordrar alle til å svare så raskt som råd på SMS som blir utsendt frå oss. Følg lenkja for å takke ja eller nei til vaksine. Dersom ein takkar ja, vil ein automatisk få tildelt første ledige time. Om nokon av viktige årsaker treng å endre timen, så kan dei avbestille og legge inn tidlegaste dato dei er tilgjengeleg til vaksinering. Alle som får SMS, men som allereie har fått vaksine, bes ringe oss på 477 54 774. Ved spørsmål eller hjelp til bestilling, ta også kontakt med oss. 

Vi fortsetter å sende ut innkalling til lærarar og barnehagetilsette som jobbar i kommunen, alle vil få innkalling innan veke 32 . 

MERK: Vi ser ei auke i personar som må utsette/bytte sin time til koronavaksinering. Vi set pris på om timen du har fått tildelt kan tilpassast. Om dette er vanskeleg, ønskjer vi så tidleg som mogleg beskjed, for å kunne tilby ein annan din time til koronavaksinering. 

Om du  skal vere student/reise vekk til ei anna kommune til hausten, kan du få første dose i Ulstein kommune om du blir innkalla etter di aldersgruppe, deretter få tilbod om dose to ved di komande kommune til hausten. 
Vi sett også vaksine på studentar som er heime i ferien, men dei må vente til vi er komne til deira aldersgruppe her. 

Vi har ikkje oversikt over alle som tidlegare har fått vaksine i kommune, og vi søker ikkje opp kvar enkelt person i Sysvak. Set pris på forståing for dette og eit stort ønskje om at dykk gir beskjed om dokker har fått SMS frå oss og har fått vaksine i ei anna kommune.

Juni 2021

30.06.2021:
3889 personar har fått første dose, 1827 har fått to doser, og er fullvaksinerte. 

Vi er no ferdig med gruppe 9 (alder 45-54 år). Alle som er født i 1976 skal ha fått SMS, om ikkje ta kontakt med oss på tlf. 477 54 774. Vi har no starta med å kalle inn gruppe 10 (alder 18-24 år og 40-44 år). Personar født i 2003 og 1977 har fått SMS frå C19, og kan følgje lenkja for å takke ja eller nei til vaksine. 

Vi fortset å sende ut innkalling til lærarar og barnehagetilsette som jobbar i kommunen. 

MERK: Mange som er født i 2003 er registrert på foreldra sine mobilnummer i folkeregisteret, dykk må ta kontakt med oss for å legge inn rett nummer.
 

23.06.2021:
3492 personar har fått første dose, 1770 har fått to doser, og er fullvaksinerte. 

Alle født i 1975 har fått SMS frå C19, og kan følgje lenkja for å takke ja eller nei til vaksine. Vi har også byrja å sende ut innkalling til lærarar og barnehagetilsette som jobbar i kommunen. 

VIKTIG INFO til dei som takkar nei sjølve via lenkje:
Det har blitt oppdaga ein feil i systemet, og dei som sjølve takkar nei har hittil ikkje fått tilsendt stadfesting på SMS. Ein kan dermed få inntrykk av at det ikkje er mogleg å angre på dette valet. Vi ynskjer å presisere at alle som har takka nei, fordi dei ikkje ynskjer vaksine, kan kontakte oss på eit seinare tidspunkt dersom dei ynskjer å takke ja. Feilen vil bli retta på av leverandør av C19. 
 

17.06.2021:
Det er i dag sendt ut innkalling via C19 til alle i Ulstein fødde til og med 1968.

Helsestasjonen bed om at alle så raskt som råd går inn på lenka i SMS-en og registrerer seg. Dei som har fått vaksine tidlegare, eller som takkar nei, bed vi om at ringjer oss på tlf. 477 54 774.

Dei som er fødde i 1968 eller før, og som ikkje har fått SMS med innkalling, kan også ringe.

Får du første dose i veke 24 og seinare – skal du ha andre dose etter 12 veker.

Det vert oppmoda om at så mange som mogleg parkerer i sentrum før dei går opp til Reiten. Det er om lag 400 som er kalla inn til vaksinering i tidsrommet 10-15, og det er lite parkeringsplassar.
 

16.06.2021: 
3191 personar i Ulstein har no fått første vaksinedose. 1681 har fått to dosar og er fullvaksinerte.

Helsestasjonen melder at dei snart er ferdige med aldersgruppa 65-55 år, og startar med aldersgruppa 45-54 år i veke 25.
 

11.06.2021: 
Vi har i dag sendt ut innkalling via C19 til alle født til og med 1963. Ber om at alle så raskt som råd går inn på lenka i SMS-en og registrerer seg.

Håper at så mange som mogleg parkerer i sentrum før dei går opp til Reiten. Vi har kalla inn ca. 400 til vaksinering i tidsrommet 10-15 og det er  lite parkeringsplassar.
 

10.06.2021
2867 personar i Ulstein har fått første dose med koronavaksine. Av desse har 1573 fått to dosar og er fullvaksinerte. I Ulstein vaksinerer vi no i gruppe 8, og har kome til dei som er fødde i 1960.

Viktig informasjon: Er det nokon som er i risikogruppene, men som ikkje har fått innkalling, ta kontakt med fastlegen din.

Dei som får SMS frå C19 må sjølve opne lenka og bestille seg time - som regel vil timen vere veka etter.
 

04.06.2021
Det er i dag sendt ut rundt 80 SMS frå C-19 til innbyggjarar i Ulstein, med tilbod om koronavaksine. Det er viktig at alle svarar på denne meldinga, anten dei vil ha vaksine eller ikkje. Dersom de får problem med tenesta, kan de ringe over helga for å avtale time, tlf. 477 54 774.


03.06.2021
1338 personar i Ulstein er no fullvaksinerte og har fått to dosar koronavaksine. Til saman 2658 har fått første dose. Det er berre Pfizer sin vaksine som vert nytta i Ulstein no. 

Dei som hittil har fått vaksine, skal få dose to om seks veker, men ver obs på at dette vert endra til 12 veker seinare i sommar. Vaksinering skjer på Ulstein helsestasjon på Reiten, og her vil vaksineringa gå føre seg også i heile sommar. Det er uvisst kor mange dosar kommunen får frå veke til veke.

I veke 22 vart vi ferdige t.o.m. prioriteringsgruppe 7, og startar på prioriteringsgruppe 8 komande veke (Aldersgruppa frå 65 år og nedover).

Oppmoding: Er det nokon i risikogruppene som IKKJE har fått SMS med tilbod om vaksine, må dei ta kontakt med fastlegen sin.

Tilbod om time: Vi sender ut SMS via eit program som heiter C-19, omlag ei veke før timen. Vi ber om at den som får SMS går inn på lenka og svarar om dei vil ha vaksine eller ikkje - så fort som mogleg. Det er mykje jobb å ringe til alle som har fått tilbod, men som ikkje svarar.

Mai 2021

27. mai 2021 
2446 personar i Ulstein har no fått første dose med koronavaksine. Av desse har 1004 fått to dosar og er fullvaksinerte.

Denne veka har vaksineringa i aldersgruppa 54-45 år med underliggjande sjukdomar/tilstandar halde fram.

FHI har meldt om ein stor auke i talet på vaksinar i veke 22 og 23, og helsestasjonen reknar då med å vere ferdig med risikogruppene ned til 18 år. I veke 23 eller 24 vil kommunen starte vaksinering i aldersgruppa 65-55 år.

Helsestasjonen kallar inn til nyvaksinering via C19, og bed om at dei som får ein SMS frå denne avsendaren sjølv går inn og bestiller seg time. Helsestasjonen melder at dei har oversikt over kven som ev. ikkje har vore inne i programmet, og vil då ta kontakt via telefon.

I Ulstein er det Pfizer sin vaksine som vert nytta, og førebels er det seks veker mellom dose ein og to. FHI melder ifrå til kommunen når intervallet mellom dei to vaksinedosane vert endra, og kommunen vil vidareformidle om det er eventuelle endringar i dette.Endring av intervall har ikkje tilbakeverkande kraft, slik at timane til vaksinering som er tildelt vert ikkje endra. Intervallet vert berre endra for dei som skal verte vaksinerte seinare.

Oppmoding:

Parker gjerne i sentrum, oppe på Reiten vert det raskt svært trangt med parkering.


19. mai 2021 
Snart 1.000 personar i Ulstein er no fullvaksinerte. 2163 personar har fått ein dose, og 983 personar har fått to dosar og er fullvaksinerte. Ulstein vaksinerer med Pfizer sin vaksine.

I veke 20, 21 og 22 vil vaksinedosane kommunen får gå til revaksinering, både til dei som fekk AstraZeneca-vaksinen, men også til nokre av dei som har fått første dose med Pfizer.

Dei komande vekene får vi lite vaksinar til nyvaksinering, men vi vaksinerer så raskt vi kan nedover i aldersgruppa 45-54 år med underliggjande sjukdomar/tilstandar. Det er vanskeleg å seie kor raskt vaksineringa vil gå, med tanke på at det er usikkert kor mange vaksinedosar vi får.

All vaksinering går føre seg på Reiten, og det vert oppmoda om at dei som har høve til det, let bilen stå att heime. Det er tidvis litt lite parkeringsmoglegheiter.


12. mai 2021
Denne veka har personar i risikogruppene 5 og 6 - om lag ned til dei som er fødde i 1966, fått vaksine.

715 personar i Ulstein har fått to vaksinedosar og er fullvaksinerte. 2.107 har fått første dose.

Vi vaksinerer framleis berre med Pfeizer sin vaksine.

Vi sender ut SMS via C19 når det er din tur til å få vaksine.


6. mai 2021 
2020 personar har fått første dose med koronavaksinen Pfizer. 602 har fått dose to. 

Vi vaksinerer no personar i aldersgruppa 64-18 år - med underliggjande sjukdomar. Deretter startar vi på aldersgruppa 64 år og nedover - utan underliggjande sjukdomar. Vi får ikkje informasjon om kor mange vaksiner vi får, før veka før, og det er difor vanskeleg å seie nøyaktig når det er din tur.

April 2021

28. april 2021
1898 personar har til no fått første vaksinedose. Av desse har 454 også fått andre dose. Ulstein nyttar framleis berre Pfizer sin vaksine. 

Onsdag 28. april har vi vaksinert innbyggjarar ned t.o.m dei som er fødde i 1955. Neste onsdag vil vi halde fram med 1955-kullet og vidare nedover i alder. I tillegg vil vi starte å vaksinere dei med underliggjande sjukdomar - etter alder, dei eldste først.


22. april 2021
I veke 16 har 222 personar fått første vaksinedose (Pfizer). Totalt 1672 har no fått første dose. Vi har ikkje revaksinert denne veka, så talet på dei som har fått to dosar er framleis 362.

Frå og med veke 17 vert det mykje revaksinering. Vi får beskjed om tal på vaksinar frå veke til veke, så det er vanskeleg å seie noko om framdrifta på vaksineringa lang tid i forvegen. Vi har kome så langt i vaksineringa at vi har vaksinert delar av 1953-kullet.


14. april 2021 
Per 14. april har 1462 personar i Ulstein fått sin første dose med vaksine. 362 har fått to dosar. Vi vaksinerer berre med Pfizer sin vaksine. 

Denne veka vart dei fleste fødde i 1950 vaksinerte. Det går no ut innkalling via SMS for vaksinering neste veke. Om lag 200 personar vert kalla inn. Det gjeld dei som er fødde t.o.m. april 1953.

 

7. april 2021 
1207 personar i Ulstein har fått første vaksinedose.359 har også fått andre dose. Vi bruker berre Pfizer sin vaksine. Det er seks veker mellom første og andre dose.

Les også: No kallar vi inn til vaksinering via sms

Innbyggjarar fødde i 1946, og nokre fødde i 1947, er kalla inn til vaksinering i veke 14. Vi vaksinerer også folk i risikogruppene langsmed, etter alder. Totalt om lag 220 personar. 

Vi har om lag 250 dosar for veke 15. 

Mars 2021

31. mars 2021
124 fekk første dose med vaksine i dag, og ein person fekk andre dose. 


25. mars 2021
Onsdag 24. mars vart det gjort 150 ny-vaksineringar. Alle har fått vaksinen frå Pfizer. No er 865 personar i Ulstein vaksinert med første dose, og 355 har fått andre dose. Onsdag vart innbyggjarar fødde i 1943 vaksinerte.

Vaksineringa held fram også i påska. Alle som skal inn då har allereie fått telefon om det. Når vi startar med vaksinering av folk under 75 år, sender vi SMS til dei som får tilbod om vaksine.


23. mars 2021
Vi vaksinerer i tråd med FHI. Vi held på med aldersgruppa 84-75 år. Deretter tek vi høgrisikogruppene, og så aldersgruppa 74 – 65 år .Sidan kjem vanleg risikogruppe under 65 år. Denne veka kjem vi til aldersgruppa 78 år og neste veke ned til 76 år. 


17. mars 2021: 
715 personar har fått første dose med vaksine i Ulstein kommune, av desse har 355 fått to dosar. 

Kommunen har akkurat kome i gang med vaksineringa av dei som er fødde i 1940. Kommunen tek kontakt på telefon til alle som får tilbod om vaksine. Det er berre Pfizer-vaksinen som vert nytta.


10. mars 2021: 
664 personar i Ulstein kommune har fått første dose med koronavaksine. Av desse har 340 fått to dosar. Kommunen ventar god leveranse av vaksinar komande veke, både av Pfizer-vaksinen og Astra Zeneca, og vil prioritere desse etter retningslinjer frå Folkehelseinstituttet. Astra Zeneca var tidlegare godkjent for vaksinasjon for personar frå 65 år og nedover, men er no likestilt med Pfizer-vaksinen og kan verte gitt til alle.
Kommunen vil ta kontakt på telefon med dei som får tilbod om vaksine.

Helsestasjonen melder at dei no kallar inn folk fødde i 1939 og 1940 til vaksinasjon i veke 11. Desse får Pfizer-vaksinen. I tillegg kallar dei inn folk frå risikogrupper, etter prioritering frå fastlegane. Desse frå Astra Zeneca-vaksinen. Det også framleis jobba med vaksinering av helsepersonell og anna risikopersonell, som t.d. brannmannskap.

 

03. mars 2021
536 personar i Ulstein kommune har fått første dose med koronavaksine. Av desse er det 269 som har fått to dosar.

Ulstein kommune har god tilgang på Astra Zeneca-vaksinen, og helsepersonell under 65 år er prioritert. Kommunen får også hundre nye dosar av denne vaksinen neste veke. Helsepersonell som ev. ikkje har vorte kontakta, kan ringe helsestasjonen for avtale. 

Også private aktørar, som optikarar, fysioterapeutar og kiropraktorar vert no prioritert for vaksine. Personar i enkelte risikogrupper skal også verte prioritert for vaksine i tida framover, etter tilvising frå fastlege.

Vaksineringa av eldre går seint. Denne veka fekk kommunen ingen nye Pfizer-vaksiner, og neste veke får vi atten dosar til nyvaksineringar, i tillegg til dei som skal få dose to.

Kommunen er ferdige med vaksineringa av dei som er 85 år, og byrjar no på dei som er 84 år. Men det går sakte, grunna dårleg tilgang på Pfizer-vaksiner.

Februar 2021

25. februar 2021: 
Seks personar i Ulstein fekk første vaksinedose i veke 8.

78 personar fekk andre dose. Det vil seie at det no er 354 personar som har fått ein vaksinedose, og av desse har 192 fått begge dosane. Dette gjeld Pfizer-vaksinen.

Kommunen har også fått 100 dosar av vaksinen Astra Zeneca. Folkehelseinstituttet har prioritert denne til helsepersonell under 65 år. Helsepersonellet får vaksinen denne veka.

 

17. februar 2021: 
348 har fått første dose med vaksine. Av desse har 114 også fått dose to.

Vidare plan: Omsorg held fram med dose to på sine brukarar. 

Kommunen er no ferdig med vaksineringa av aldersgruppa over 85 år, og held fram med 75-85 år, og tek dei eldste først.

Alle får telefon frå helsestasjonen.

Svært få takkar nei til vaksinen, og fleire av dei som takka nei til vaksine ved telefonoppringing, har ombestemt seg i ettertid, og ønskjer likevel vaksine, noko dei sjølvsagt får.


10. februar 2021: 
282 personar i Ulstein har fått første dose med vaksine. Av desse har 84 også fått dose to.

Vi held fram i veke sju med innbyggjarar over 85 år. Alle vil verte oppringt.

Omsorgsetaten vaksinerer no sine brukarar med dose to.


5. februar 2021:
Totalt 198 personar har fått vaksine i Ulstein. 48 av desse også fått dose 2. I neste veke held vaksineringa fram. Omsorg held fram med å vaksinere sine brukarar, i tilegg til noko helsepersonell, og personar over 85 år vil verte kalla inn for vaksinering. Alle som skal få vaksine vert ringt opp av kommunen.

Det er venta at kommunen får 30 nye vaksinedosar i veke 6.

 

3. februar 2021:
I veke 5 starta vaksinering av innbyggjarar i Ulstein som ikkje bur i institusjon, og som er over 85 år. Ulstein kommune har fått 18 vaksinedosar i veke 5, og får 30 nye i veke 6. Til no har alle som får tilbod om vaksine vorte oppringt, men kommunen vil etter kvart gå over til å sende brev.