Vi ønsker framleis at innbyggarar i Ulstein registrerer smittetilfelle med korona, for å kunne halde ei viss oversikt over situasjonen.
Lenke: Sjøvregistrering kan du gjere her.
Siste status for 2022
Det er få som har meldt inn smitte i siste delen av 2022. Dette er nok fordi det ikkje betyr så mykje, med tanke på kva retningslinjer som gjeld. Vi veit at det var ein del smitte i jula, sjølv om vi har få registrerte, men ein del har registrert også etter jul. Vi kjem til å halde portalen open framover, men kjem ikkje til å rapportere systematisk vidare på heimesida, utan at det skjer ei stor endring i situasjonen.
- Veke 47: 5
- Veke 48: 7
- Veke 49: 5
- Veke 50: 3
- Veke 51: 0
- Veke 52: 0
22. november 2022
Auke i koronasmitte, men framleis lite influensa på landsbasis.
FHI har meldt at vi er inne i ein 4. smittetopp når det gjeld korona. Det er frivillig registrering og testing no. Vi har valt å ha registreringa vår open framleis, og vi ser den same trenden med auka smitte her hos oss. Helse Møre og Romsdal melder også om ein auke i innleggingar.
Registrerte smitta av korona i Ulstein siste tid (avspeglar nok berre toppen av isfjellet) :
- veke 41: 3
- veke 42: 5
- veke 43: 5
- veke 44: 5
- veke 45: 13
- veke 46: 18
7. oktober 2022
Dei siste seks vekene har Ulstein kommune fått melding om 19 personar som er smitta med korona.
Det er no svært lite rapportert smitte i Ulstein og elles i landet.
- Veke 35: 5 personar
- Veke 36: 3 personar
- Veke 37: 1 person
- Veke 38: 3 personar
- Veke 39: 5 personar
- Veke 40: 2 personar
30. august 2022
Det har vore nedgang i rapportert smitte utover sommaren, men igjen ein auke rett etter fellesferien og Norway Cup. Siste veka har det vore ein rask reduksjon. Det er framleis flest i aldersgruppa 40-59 år som melder om smitte, men vi har no også hatt ein del i gruppa barn og unge under 20 år.
Totalt 65 personar har meldt om smitte til no i august, fordelt på 15 (0-19 år), 8 (20-39 år), 26 (40-59 år), 13 (60-79 år) og 3 (> 80 år)
Veke 31 13 personar
Veke 32 19 personar
Veke 33 25 personar
Veke 34 8 personar
1. august 2022
Det har utover sommaren vore nedgang i innrapportert smitte. Dei fleste smitta er i aldersgruppa over 40 år. Dette kan også ha sin bakgrunn i at færre barn og unge testar seg no, sidan dei ofte blir mindre sjuke.
Registrert smitta i Ulstein:
- veke 26: 55 personar
- veke 27: 23 personar
- veke 28: 24 personar
- veke 29: 25 personar
- veke 30: 11 personar
27. juni
I veke 24 vart det registrert 39 nye koronatilfelle i kommunen, og dei smitta er i all hovudsak mellom 40 og 80 år. I veke 25 auka totalen til 57 smittetilfelle. Det er flest smitta i gruppa 40-59 år, og aukande i gruppa 20-39 år. Om lag ein fjerdedel av dei smitta er mellom 60-80 år.
13. juni
Dei siste to vekene ser vi ein klar auke i rapportert smitte. Dei fleste koronasmitta er no i alderen 40-80 år.
Totalt 48 personar har meldt frå om smitte i første halvdel av juni.
24 i veke 22 og 24 i veke 23.
1. juni
Vi har framleis open portalen for smitteregistrering av korona. Lenke: Sjølvregistrering av korona
Vi ønsker at dei som får stadfesta korona ved hjelp av heimetesting registrerer dette, då vi mellom anna kan sjå på når det vil vere aktuelt med ny vaksinedose.
Hurtigtestar kan du hente på helsestasjonen.
I mai har vi registrert totalt 37 smitta. Av desse er berre to under 20 år, resten fordelt i alle aldrar:
- veke 18: 10 personar
- veke 19: 7 personar
- veke 20: 15 personar
- veke 21: 5 personar
2. mai
Det er ein jamn nedgang i innmeldte smittetilfelle i Ulstein.
Dei siste to vekene har vi til saman fått rapportert om 40 smitta, fordelt på 22 personar i veke 16 og 18 i veke 17
Aldersfordeling:
- 0-19 år : 2
- 20-39 år: 11
- 40-59 år: 16
- 60-79 år: 9
- 80 +: 2
19. april
Det er stadig nedgang av innmelde smittetilfelle i Ulstein. Dei siste to vekene er det meldt om totalt 93 nye tilfelle.
I veke 14 fekk kommunen meldt inn 63 nye tilfelle, og i veke 15 30 nye.
Det er no flest smitta i aldersgruppa 40-59 år.
Samla tall for veke 14 og 15:
- 0-19 år: 7
- 20-39 år: 10
- 40-59: 47
- 60-79: 26
- 80+: 3
04. april
Vi har framleis nedgang i rapporterte smittetal. Siste veka var smittetala i aldersgruppa over 40 år stabile, medan det var nedgang i alle aldrar frå 0-40 år
Vi følger stort sett landssnittet. Det er venta ei halvering i talet på smitta kvar 2. veke framover
Veke 13 vart det meldt inn 105 smittetilfelle.
- 0-19 år: 17
- 20-39 år: 18
- 40-59 år: 37
- 60-79 år: 24
- 80+: 9
28. mars
Det er framleis nedgang i registrert smitte i alle aldersgrupper i Ulstein. Kommunen merkar også stor nedgang i etterspurnaden etter hurtigtestar.
Totalt i veke 12 vart det registrert 135 smitta.
- 0-19 år: 22
- 20-39 år: 49
- 40-59 år: 37
- 60-79 år: 23
- 80+: 4