Koordinator

Ein koordinator er ein som skal hjelpe deg å samordne tenestene dine.

 

Kva er ein koordinator?

Når du har fått tildelt ein koordinator er det denne, i lag med deg/pårørande, som avklarar behov og mål med samordninga.

Koordinatoren og du/pårørande vert einige om kva etatar som skal bidra i samordninga. Dette kan til dømes vere:

  • helsestasjon
  • fastlege
  • barnehage
  • skule
  • fysioterapeut
  • PPT
  • NAV
  • koordinerande eining
  • spesialisthelsetenesta

Koordinatoren kallar inn aktuelle samarbeidspartar til møte, der ein i lag med deg/pårørande vert einig om arbeidet for å dekke behov og nå mål.

 

Kvifor koordinator?

Føremålet med å tildele ein koordinator er at dersom du har behov for hjelp frå to eller fleire etatar, og desse må sjåast i samanheng, kan ein koordinator hjelpe deg med å sikre samordning av tiltak som du treng og har rett på.

Ein koordinator kan også legge til rette for utveksling av informasjon mellom deg/pårørande og dei ulike etatane for å gjere tenestene best muleg.

 

Kven kan få tenesta?

Personar med behov for langvarig og koordinerte tenester etter helse- og omsorgstenestelova § 7-2 har rett på koordinator og individuell plan.

Planen vert vanlegvis utarbeidd i lag med deg/pårørande, koordinator og aktuelle etatar som skal yte teneste.

Du har rett til å få ein koordinator sjølv om du ikkje ynskjer å lage ein individuell plan. Retten til individuell plan og koordinator gir ikkje større rett til helse og omsorgstenester enn det som du ville hatt rett på utan ein plan eller koordinator.

 

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

 

Korleis søkje om koordinator?

Det er ikkje eige søknadsskjema for denne tenesta, men ta gjerne kontakt med koordinerande eining. Du finn kontaktinformasjon nedst på sida.

 

Når kan du vente svar?

Søknadar vert fortløpande behandla. Sakshandsamingstida er 3-4 veker, og du vil då få skriftleg melding om vedtak.

 

Klage på vedtak?

Finn du grunn til å klage på vedtak er klagefristen tre veker.

Skriftleg klage kan sendast til Ulstein kommune v/kommunalsjef helse og omsorg, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.

 

  

Kontakt

Norunn Margrethe Dimmen
Leiar
E-post
Mobil 982 30 637
Lindis Sundgot
E-post
Telefon 70 01 78 05
Mobil 488 93 183
Heidi Strand
soneleiar
E-post
Telefon 70 01 78 06
Mobil 982 30 640