29. september
29.september vart det sett 129 vaksinedosar (Moderna) i Ulstein kommune, i all hovudsak revaksinering.
Neste vaksinasjonsdato vert 6. oktober. Denne datoen er fullbooka, men det er mogleg å sette seg på venteliste. Vidare vaksinerer vi annakvar veke (20. oktober, 3. november og 17. november), og det er ledige timar til desse datoane.
Ta kontakt for time:
- Gravid 2. eller 3. trimester
- Pga. sjukdom/medikamentbruk skal ha ei tredje dose ((https://www.fhi.no/nyheter/2021/enklere-tilgang-til-3.-dose-for-personer-med-nedsatt-immunforsvar/))
- 12-18 år
- Tidlegare takka nei, men ønskjer vaksine
Ring oss eller send sms: 477 54 774
22. september
Den 22. september vart det sett 383 vaksinedosar i Ulstein. Fleirtalet av dei som fekk vaksine var ungdom mellom 12-18 år. Dei mellom 12-15 år skal berre ha éin vaksinedose, og er rekna som fullvaksinerte i Noreg.
Vi skal vaksinere 29. september og 6.oktober, deretter vert det vaksinering berre annakvar veke framover. Dei som av ulike årsaker ikkje har fått vaksine, men som ønskjer å takke ja, må ta kontakt med oss snarast råd.
Dette gjeld spesielt:
- Tidlegare takka nei, men no ønskjer vaksine.
- Gravide i 2.-3. trimester
- Barn og ungdom mellom 12-15 år
- Dei som skal ha ein 3. vaksinedose på bakgrunn av sjukdomstilstand eller medikamentbruk (https://www.fhi.no/nyheter/2021/enklere-tilgang-til-3.-dose-for-personer-med-nedsatt-immunforsvar/)
- Utanlandsk arbeidskraft som skal opphalde seg i Ulstein kommune, og som ikkje er vaksinerte eller berre har fått éin dose.
Til info så har det no kome informasjon om at Storbritannia godkjenner kryssvaksinering, dvs. to dosar av ulik type. Dette er særleg relevant for dei som reiser mykje i jobbsamanheng
15. september
15.september vart det sett 275 Moderna-vaksiner i Ulstein kommune. Av desse fekk 16 personar si første dose.
FHI har utarbeidd ei oversikt over kven som bør få ein tredje dose med koronavaksine, basert på diagnose og/eller medikamentbruk: https://www.fhi.no/nyheter/2021/enklere-tilgang-til-3.-dose-for-personer-med-nedsatt-immunforsvar/
Vi har allereie byrja å gi vaksiner til dei dette gjeld, og ber aktuelle personar om å ta kontakt med oss for å bestille time.
22. september skal dei mellom 12-15 år prioriterast for vaksinering, og i tillegg dei som er 16 og 17 år som ikkje allereie har fått vaksine. Viser til info sendt ut til skulane, og til kommunen sine nettsider.
Gravide i 2. og 3. trimester er anbefalt å ta vaksine, og kan ta kontakt med helsestasjonen for time.
Vi har god tilgang til vaksiner dersom nokon ønskjer å framskunde dose to (minimum 4 veker sidan første dose), eller tidlegare har takka nei og no ønskjer vaksine. Kontakt helsestasjonen på: 477 54 774
9. september
8. september vart det sett 600 doser Pfizer-vaksinar i Ulstein. Av desse fekk 248 sin første dose. Totalt har no 6272 personar fått første dose i kommunen, av desse har 4693 fått to dosar. Av dei som fekk første dose denne veka, var fleirtalet 16- og 17-åringar. Det var også rundt 50 niandeklassingar som fekk vaksine.
Gravide
Folkehelseinstituttet har gått ut med råd om at gravide i andre og tredje trimester bør vaksinere seg mot Covid-19. Gravide som har utsett vaksinering kan ta kontakt med oss for vaksine. Les meir her: https://www.fhi.no/nyheter/2021/oppdatert-vaksineanbefaling-for-gravide/
Vaksinering av 12-15-åringar
I løpet av kort tid vil vi kome med praktisk informasjon kring vaksinering av dei mellom 12-15 år (https://www.fhi.no/nyheter/2021/12-15-aringer-tilbys-koronavaksinasjon/). Folkehelseinstituttet (FHI) rår til at vaksinetypen Comirnaty frå BioNTech/Pfizer vert brukt til denne aldersgruppa, og dei skal berre ha ein dose. Vi vil tilby vaksine den 22. september til denne gruppa, men vi ber om alle avventar å kontakte oss til de har fått informasjon gjennom skulen.
Vaksinering 16-17-åringar
Alle som er født i 2004 og 2005 skal ha fått SMS frå C19 med tilbod om vaksine. Nokre vil oppleve å få fleire SMS-ar frå oss fordi dei ikkje har svart på den første. Det enklaste er å følgje lenkja og booke seg time eller takke nei, via bank-ID-innlogging. For dei som ikkje har bank-ID, er det berre å ringe oss for hjelp. Den 22. september vil dei i denne aldersgruppa som ikkje har fått vaksine, få nytt tilbod. Intervallet til andre dose er minst 8 veker. Info frå FHI: https://www.fhi.no/nyheter/2021/16-17-aringer-far-tilbud-om-koronavaksinasjon/
ELEVAR FRÅ ANDRE KOMMUNAR
Vi tilbyr i utgangspunktet vaksine til elevar som er tilhøyrande i Ulstein kommune. Utanom dei som er folkeregistrert her, har vi også berekna å vaksinere dei som bur på hybel i kommunen. Alle elevar som ynskjer vaksine hos oss av praktiske årsaker, må ta kontakt for time, så prøvar vi i imøtekome ynskjer så langt det er mogleg.
Ved spørsmål ta kontakt med Ulstein helsestasjon per telefon 477 54 774. For endring av time, uansett årsak, send SMS til 477 54 774.
6. september 2021:
Det er no bestemt at aldersgruppa 12-15 år skal få tilbod om éin dose av Pfizer sin koronavaksine, Comirnity.
Les meir frå FHI her: Informasjonsbrev om vaksinasjon til ungdom 12-15 år
Det er planlagt vaksinering av denne aldersgruppa 22. september. Allereie fyrstkomande onsdag, 8. september, har vi tilgang til Pfizer-vaksinen, og vil tilby alle som går i 9. klasse å få vaksine denne dagen. Det er kort varsel, så dersom det ikkje passar, så set vi opp time den 22. september. Årsaka til at vi ikkje byrjar med 10. klasse, er fordi det er konfirmasjon påfølgande helg. Vi legg opp til vaksinering på ettermiddagen, etter skuletid, for 9. klassingane.
VIKTIG INFO OM INNKALLING
Per i dag har vi ikkje moglegheit til å kalle inn dei under 16 år på same måte som vi har gjort før, altså med sms via C19. Vi ber derfor dei som ynskjer å bestille time om å kontakte oss per sms eller telefon: 477 54 774
VIKTIG INFO OM SAMTYKKE
ALLE under 16 år treng samtykke får begge føresette for å kunne få vaksine. Samtykkeskjema må skrivast ut og takast med til vaksinasjon, og kan lastast ned her: Samtykkeskjema for ungdom under 16 år
Det vil kome meir info om vaksinering 22. september, men no vil vi først gå ut med informasjon til 9.klassingane sidan det er kort varsel.
Les meir om bakgrunnen for vaksinering av dei mellom 12-15 år på FHI sine nettsider: https://www.fhi.no/nyheter/2021/12-15-aringer-tilbys-koronavaksinasjon/
2. september 2021:
1.september vart det sett 570 dosar Moderna-vaksiner i Ulstein. Av desse fekk 58 sin første dose. Totalt har no 6024 personar fått første dose i kommunen, av desse har 4341 fått to dosar.
Folkehelseinstituttet har gått ut med råd om at gravide i andre og tredje trimester bør vaksinere seg mot Covid-19. Gravide som har utsett vaksinering kan ta kontakt med oss for vaksine. Les meir her: https://www.fhi.no/nyheter/2021/oppdatert-vaksineanbefaling-for-gravide/
Her kjem litt praktisk informasjon kring vaksinering av ungdom født i 2004 og 2005:
INNKALLING:
I løpet av formiddagen 2. september vil alle som er fylt 16 år som er folkeregistrert i Ulstein få ein SMS frå C19, som er vårt innkallingssystem for vaksinering. Det er svært viktig at alle følgjer lenka på SMS-en frå C19, og tek eit val om å takke ja eller nei til vaksine. Dei som takkar ja til vaksine vil få tildelt ein time den 8. september på første ledige tidspunkt, og få tilsendt denne timen på sin mobil. Dei som takkar nei, vil få ei stadfesting på dette.
MERK:
Alle som IKKJE er fylt 16 år, dvs alle som er født seinare enn 8.september 2005, må ha samtykke frå begge føresette for å kunne ta stilling til vaksine. Samtykkeskjema MÅ vere fylt ut for å kunne få vaksine, og takast med på vaksinasjonsdagen. Samtykkeskjema skal også fyllast ut i dei tilfella ein takkar nei til vaksine. Desse kan leverast i resepsjonen på helsestasjonen eller sendast på e-post til ulstein.helsestasjon@ulstein.kommune.no. Lenke til samtykkeskjema: Samtykkeskjema under 16 år
TYPE VAKSINE:
Folkehelseinstituttet (FHI) anbefaler vaksinetypen Comirnaty frå BioNTech/Pfizer til denne aldersgruppa. Vi har god tilgang til denne vaksinen 8.september, og prioriterer derfor 16-17-åringane den dagen. Tilrådd intervall er 8-12 veker, og i Ulstein kjem det til å bli tilbydd time til andre dose etter 8 veker. Viss dato for andre dose ikkje klaffar for enkelte, så kan dei utsette timen, men ikkje lenger enn 12 veker.
Oppdatert informasjon frå FHI: https://www.fhi.no/nyheter/2021/16-17-aringer-far-tilbud-om-koronavaksinasjon/
ELEVAR FRÅ ANDRE KOMMUNER
Vi tilbyr i utgangspunktet vaksine til elevar som er tilhøyrande i Ulstein kommune. Utanom dei som er folkeregistrert her, har vi også berekna å vaksinere dei som bur på hybel i kommunen. Alle elevar som ynskjer vaksine hos oss av praktiske årsaker, må ta kontakt for time, så prøvar vi i imøtekome ynskjer så langt det er mogleg.
Ved spørsmål ta kontakt med Ulstein helsestasjon per telefon 477 54 774. For endring av time, uansett årsak, send SMS til 477 54 774.