Psykologtimen 3: KORONA – den nye kvardagen (film)

Psykologtimen 3: KORONA – den nye kvardagen (film)

Frå eit stengt Ulstein bibliotek deler kommunepsykolog Tomas Myklebust og sokneprest Margit Lovise Holte tankar om situasjonen vi står i.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Med stengde skular og barnehagar og avlyste aktivitetar og arrangement overalt, er kvardagen brått blitt annleis: Tettare familieliv for nokre, meir einsemd for andre.

Frå eit stengt Ulstein bibliotek deler kommunepsykolog Tomas Myklebust og sokneprest Margit Lovise Holte tankar om situasjonen vi står i.

  • Korleis handterer vi dei dramatiske nyheitene?

  • Kva med uroa for liv, helse og arbeidsplassar?

  • Kva gjer vi når dei vanlege rutinane fell bort?

  • Kva skjer i familiane, og korleis er det å leve åleine denne tida?

  • Kva gjer vi viss det røyner på i den nye kvardagen?

  • Kven vender vi oss til om konflikter, rus eller vald?

  • Korleis kan vi vise omsorg for dei vi ikkje kan vere saman med?

Dette er noko av det kommunepsykologen og soknepresten samtalar om.

Psykologtimen er normalt ein serie opne arrangement på Ulstein bibliotek.

 

 

Sjå sida med siste nytt i Ulstein og oppdatert informasjon til innbyggarane om koronaviruset