Koronaviruset: Treng du hjelp til innkjøp frå matbutikk eller apotek?

Klikk for stort bileteFrivillige krefter, butikkar og kommunen går saman om å hjelpe folk som ikkje sjølv kan handle under pandemien. Svein Arne Orvik Frivillige organisert gjennom Ulstein frivilligsentral tilbyr no å køyre ut varer frå Coop Mega, Rema 1000 og apoteka i Ulsteinvik.

  

Under koronapandemien er det mange som ikkje sjølv kan dra i butikken. No kan dei få hjelp av frivillige frå Røde Kors, Sanitetskvinnene og andre. Det kostar ikkje noko å få levert varene.

 

Treng du hjelp til å få gjort innkjøp og køyrt varene heim?

Kontakt Ulstein frivilligsentral ved Inger Anne Dimmen: inger.dimmen@ulstein.kommune.no, tlf. 98 23 06 13 (mellom kl. 10 og 14 på kvardagar). 

 

Kan du hjelpe til med å køyre ut varer?

Les meir og registrer deg her.

 

Sjå sida med siste nytt i Ulstein og oppdatert informasjon til innbyggarane om koronaviruset