Koronaviruset: slik vert legesenteret brukt under koronapandemien

Koronaviruset: slik vert legesenteret brukt under koronapandemien

Legesenteret er utvida og delt over tre etasjar med ulike inngangar. Koronatesting skjer berre etter avtale. Sjå bilda av dei ulike inngangane som no vert brukt. 

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

  

Merk at du no også kan ha legetimen din på nettet. Ring Ulstein legesenter på tlf. 70 01 89 89 og avtal ein såkalla e-konsultasjon. Dette gjeld ikkje øyeblikkelig hjelp og akuttsituasjonar.

  

Første etasje: vanleg legevakt for akutt skadde eller sjuke UTAN feber og/eller symptom frå luftvegane (nysing, hoste, tung pust) 

Her er inngangen (Sjøgata 1): 

Dette er inngangen i Sjøgata 1 til legevakta for pasientar med akutt skade eller sjukdom UTAN feber og/eller luftvegssymptom. Nokre fastlegar sit også her. Spør om kvar fastlegen din sit når du gjer ein timeavtale.   

 

Første og andre etasje: vanlege fastlegetimar

Har du time med fastlegen din?

  • Viss fastlegen din sit i første etasje: Bruk same inngangen som til den vanlege legevakta, altså inngangen på bildet ovanfor her, merka Sjøgata 1.  

  • Viss fastlegen din sit i andre etasje: Bruk inngangen på bildet rett nedanfor her, altså inngangen som vender mot sjøen og er merka Sjøgata 3, og gå opp i andre etasje. 

Spør om kvar legen din sit når du gjer ein timeavtale.

Denne inngangen i Sjøgata 3 skal du bruke viss fastlegen din sit i andre etasje. Spør om kvar legen din sit når du gjer ein timeavtale.  

 

Tredje etasje: infeksjonsklinikk for pasientar MED feber og/eller symptom frå luftvegane (nysing, hoste, tung pust) og som har fått beskjed om å møte

Ikkje møt utan å ha ringt og gjort avtale om tidspunkt. Du vil bli møtt av ein person ute som viser veg.

Ring på førehand til  

  • tlf. 70 01 89 89 mellom kl. 8 og 14 på kvardagane eller 

  • legevakta på tlf. 116 117 elles på døgnet og i helgene

Her er inngangen (Sjøgata 1): 

Denne inngangen i Sjøgata 1 er legevakt for pasientar MED feber og/eller symptom frå luftvegane (nysing, hoste, tung pust). 

 

Garasje: testing for koronasmitte

I garasjen på enden av bygget er det teststasjon for koronasmitte. 

Ikkje møt opp til testing utan å ha gjort avtale først. Ring på førehand til

  • tlf. 70 01 89 89 mellom kl. 8 og 14 på kvardagane eller 

  • legevakta på tlf. 116 117 elles på døgnet og i helgene

Du vil bli møtt av ein person ute som viser veg. 

Her er garasjen: 

I denne garasjen vert det testa for koronasmitte, men berre for dei som har fått beskjed om å kome.  

   
Gå til sida med siste nytt og oppdatert informasjon til innbyggarane om koronaviruset.