Koronaviruset: slik er arbeidet organisert

Koronaviruset: slik er arbeidet organisert

Her får du oversikt over hovudtrekka i organiseringa av arbeidet som gjeld koronapandemien.

Den viktigaste prioriteringa for Ulstein kommune er tryggleiken til våre tilsette, våre innbyggarar og hindre smitte. Vi ønsker at vi alle skal kome gjennom dette på ein god måte. Vi er derfor avhengige av at alle tek eit stort ansvar og gjer dei tiltaka vi kan. 

Kriseleiinga har hyppige møte og koordinerer arbeidet. Vi følger situasjonen tett og set i verk tiltak fortløpande. Vi følger og formidlar reglar og råd frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet. Vi har ei arbeidsgruppe for pandemiplanlegging. Kommuneoverlegen leier denne gruppa, som er sett saman av representantar frå helse- og omsorgsetaten, oppvekst- og kulturetaten og kommunikasjon.  

Vi har jamleg telefonmøte med Fylkesmannen i Møre og Romsdal og med Helse Møre og Romsdal om situasjonen og rutinar.

Vi samarbeider med dei andre kommunane på Søre Sunnmøre og utvekslar informasjon. 

Vi gir oppdatert informasjon på nettstaden til kommunen, i lokalavisa, i sosiale medium, i oppslag på institusjonar og direkte til brukarar (t.d. eldre, elevar og føresette). 

Smittevernlegen avgjer kven som skal testast for viruset og korleis det skal skje. 

Sjå sida med siste nytt i Ulstein og oppdatert informasjon til innbyggarane om koronaviruset

Kontakt

Michael Dahl
smittevernlege
Telefon 70 01 89 89