Koronaviruset: skule- og barnehagetilbod til visse grupper

Koronaviruset: skule- og barnehagetilbod til visse grupper

Ulstein kommune Visse grupper får eit omsorgstilbod når skulane og barnehagane er stengde. Gi beskjed om du er i målgruppa. Merk at vi ønsker å vite om der er behov også i påskeveka. 

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

I stengingsperioden gir barnehagane og skulane eit omsorgstilbod til barn/elevar i desse to gruppene: 

  1. Barnehagebarn og elevar opp til 12 år der begge foreldra (eller einsleg mor/far) arbeider innan 15 kritiske samfunnsfunksjonar 

  2. Skuleelevar og barn i barnehage med særlege omsorgsbehov og som ikkje kan vere heime åleine  

Dette vil vere eit tilbod berre til desse to gruppene, og det vert oppmoda om at andre private løysingar vert prioriterte.

Vi ber om at alle foreldre som har barn som treng tilsyn etter punkt 1 og 2 snarast gir beskjed til leiinga ved sin barnehage eller skule om dette. 

Dokumentasjon frå arbeidsgivar på at føresette arbeider innan kritiske samfunnsfunksjonar, må leverast ved oppstart. 

Behov i påska? 

Skulane og mange av barnehagane er i utgangspunktet stengde i påskeveka. I den situasjonen vi er i no, ønsker vi likevel at dei som har behov for omsorgstilbod for sine barn i påskeveka, gir melding om dette til leiaren i den barnehagen/skulen dei høyrer til.

Vi vil utifrå eventuelt melde behov, vurdere å opne for tilbod også i påskeveka. Meld frå snarast råd. 

 

Gå til sida med siste nytt og oppdatert informasjon til innbyggarane om koronaviruset.