Koronaviruset: retningslinjer for bruk av idrettsanlegg med meir

Koronaviruset: retningslinjer for bruk av idrettsanlegg med meir

Hugs å førebygge smitte når du brukar parkar og andre uteområde. Leif Ringstad Offentlege leikeplassar, parkar, utandørs idrettsanlegg med meir i Ulstein er opne. Her ser du kva retningslinjer som gjeld for bruken av dei i koronasituasjonen. 

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

  

Slik er retningslinjene

  • Fleire enn fem personar skal ikkje være saman i ei gruppe.

  • Dette gjeld for aktivitet og opphald i parkar, på turstiar, i ballbingar og på utandørs idrettsanlegg.

  • Alle må sørge for å ha to meter avstand til andre menneske.

  • Følg elles Folkehelseinstituttet sine retningslinjer i høve hoste- og handhygiene

Med ønskje frå Ulstein kommune om god tur og positiv aktivitet i frisk luft!