Koronaviruset: registrering av helsepersonell

Klikk for stort bilete Pexels Vi ber no alle som har helsefagleg utdanning og som jobbar utanfor helsevesenet eller har ledig kapasitet, om å registrere seg. 

Koronapandemien set helsevesenet på ei hard prøve. I Ulstein treng vi fleire folk i helse- og omsorgstenesta.

Har du jobb utanfor helsevesenet, sjølv om du har helsefagleg utdanning? Eller har du helsefagleg utdanning og ledig kapasitet for tida?

Då ønsker vi at du registrerer deg hos oss. Vi treng å vite kva helsefagleg utdanning og erfaring du har. Vi ønsker også at du registrerer deg viss du studerer eller ikkje er i jobb.

Vi vil kontakte deg dersom vi får behov for det.

Vi oppmodar alle om å spreie denne informasjonen til andre som kan vere i målgruppa.

Gå til skjemaet der du registrerer deg som helsepersonell.

Bruk skjemaet også om du er tilsett i kommunen og jobbar utanfor helse- og omsorgstenesta.   

 

Sjå sida med siste nytt i Ulstein og oppdatert informasjon til innbyggarane om koronaviruset