Koronaviruset: fysiske politiske møte igjen

Koronaviruset: fysiske politiske møte igjen

Talarstolen på Ulstein rådhus Svein Arne Orvik Vi går over til å halde politiske møte med fysisk frammøte. Du som vil følge med på møta, møter fram på rådhuset, med unntak av kommunestyremøta, som vert på Sjøborg. 

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

  

Høve til arrangement

Nasjonalt er det no høve til å ha arrangement med inntil 50 personar etter nærmare reglar. Kriseleiinga i Ulstein har derfor bestemt at vi framover kan ha fysiske møte i dei folkevalde organa våre. 

 

Møte i kommunestyresalen og på Sjøborg

Kommunestyremøta er på Sjøborg kulturhus. Det er for mange deltakarar i kommunestyremøta til at dei kan haldast i kommunestyresalen med den nødvendige avstanden mellom folk. 

Dei andre folkevalde organa, med færre medlemmer, har møte i kommunestyresalen. 

Sjå tidsunkta for dei politiske møta

 

Smittevern

  • Det skal vere minst ein meters avstand mellom alle, både dei folkevalde og tilhøyrarar. 

  • Alle må vaske hendene før og etter møtet, og elles ivareta god hand- og hostehygiene. 

  • Vi aukar reinhaldet i kommunestyresalen i samband med møta. 

  • Vi fører ei liste over alle som er til stades, for å kunne spore smitte dersom det vert naudsynt.