Koronaviruset: opninga av skular og barnehagar

Koronaviruset: opninga av skular og barnehagar

Svein Arne Orvik Familiane får beskjed frå barnehagane sine om kva dato dei opnar. Det vil også kome meir informasjon om korleis smittevernet skal sikrast i skulane og barnehagane.

  

Dette veit vi no ut frå det regjeringa har bestemt

  • Barnehagene i landet opnar tidlegast måndag 20. april og seinast måndag 27. april. 

  • 1.–4. trinn i grunnskulen og SFO opnar måndag 27. april. 

  • Det blir laga gode rettleiarar om smittevern i skular og barnehagar for heile landet. 

  • 5.–7. trinn og ungdomsskulane opnar etter planen seinare i vår. 

Det kjem meir informasjon etter påske, då legg vi dei detaljerte planane. Tysdag 14. april er det planleggingsdag i grunnskulane i Ulstein. Onsdag 15. april startar heimeskulen opp att. 

No ønsker vi alle barn, ungdommar, føresette og tilsette ei god påskehelg! 

Treng du nokon å prate med i påska? Ring helsestasjonen. Barn, ungdommar og vaksne kan ringe kvar dag, heile påska. Klikk her for å sjå telefonnummera