Koronaviruset: kampanjen «I same båt» for helsa, håpet og humøret 

Koronaviruset: kampanjen «I same båt» for helsa, håpet og humøret 

Vi vil bidra til digitalt fellesskap og engasjere innbyggarane positivt i koronatida.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

 
Alle er påverka av dei omfattande koronatiltaka. For ein periode står vi utan dei fysiske møteplassane vi elles har. Då gjeld det å finne nye måtar å skape gode dagar på for oss sjølve og kvarandre.  

Med kampanjen «I same båt» vil vi bidra til digitalt fellesskap i lokalsamfunnet og fremje psykisk og fysisk helse i ei spesiell tid.  

 

Motivere og engasjere

Under emneknaggen #isamebåt byr vi på video, bilde og tekst som kan motivere, støtte og engasjere. Det vil dreie seg om 

  • psykisk helse  

  • fysisk aktivitet  

  • kultur og kunnskap  

  • natur og friluftsliv

Det første innhaldet vart lagt ut 1. april, så kjem det jamleg nytt innhald framover. 

 

Ulike plattformer  

For å kommunisere med innbyggarar i ulike aldersgrupper brukar vi fleire plattformer:  

Facebook-sida, Instagram-kontoen og YouTube-kanalen er opne for alle. Du treng ikkje å vere registrert som brukar på plattformene for å sjå det vi legg ut. 

 

Tips oss!  

Målet med kampanjen «I same båt» er å motverke negative psykososiale konsekvensar av koronapandemien. 

Arbeidsgruppa for kampanjen består av  

  • Tomas Myklebust, kommunepsykolog og leiar for arbeidsgruppa  

  • Marie Flatin, ungdomsarbeidar og MOT-koordinator  

  • Kjersti Vengen Jensen, folkehelsekoordinator og dagleg leiar for frisklivssentralen  

  • Svein Arne Orvik, leiar for demokrati og kommunikasjon og representant for kriseleiinga   

Har du idear til kva kommunen kan bidra med på nett? Har du ein ide vi kan samarbeide om? Då vil vi i arbeidsgruppa svært gjerne høyre frå deg. 

Send ein e-post til isamebat@ulstein.kommune.no, så snakkast vi. 

 

Arbeidsgruppa for kampanjen «I same båt» Ulstein kommune

 

Skan denne koden for å følge Ung i Ulstein på Snapchat: