Koronaviruset: Ikkje nøl med å kontakte lege om andre ting enn korona

Klikk for stort bileteKommuneoverlege Norunn Kirkebø Elde Svein Arne Orvik Kommuneoverlegen presiserer at alle som treng legehjelp må ta kontakt med legetenesta, uansett kva det gjeld.

   

Gode innbyggar i Ulstein!

No er det svært mykje som dreier seg om koronaviruset. Men for dei fleste som treng råd og hjelp frå legen, handlar det om andre helsespørsmål.

Hugs at legetenesta er på jobb for deg og helsa di – uansett kva det gjeld.

Derfor: Ikkje nøl med å ringe legesenteret og be om ein samtale eller ein time med legen din når du treng det.

Legane er der for å hjelpe deg no, akkurat som før. Bruk dei.

Viss du vil, kan du faktisk snakke med legen din heimanfrå med videosamtale. Ring legesenteret og be om det, om du ønsker det.

Legesenteret har tlf. 70 01 89 89, dei tek telefonen kl. 8–14 på kvardagane. Elles har legevakta nummeret 116 117.

Og på legesenteret har vi ordna oss slik at alle fastlegane no sit i andre etasje, med inngang frå sjøsida. Det er trygt å gå til legen.

Viss du lurer på om du har koronaviruset, skal du ringe oss og ikkje møte fram utan avtale.

Med ønske om gode dagar til alle –

helsing Norunn Kirkebø Elde, kommuneoverlege