Koronaviruset: fysiske politiske møte igjen

Klikk for stort bileteTalarstolen på Ulstein rådhus Svein Arne Orvik Vi går over til å halde politiske møte med fysisk frammøte. Du som vil følge med på møta, møter fram på rådhuset, med unntak av kommunestyremøta, som vert på Sjøborg. 

  

Høve til arrangement

Nasjonalt er det no høve til å ha arrangement med inntil 50 personar etter nærmare reglar. Kriseleiinga i Ulstein har derfor bestemt at vi framover kan ha fysiske møte i dei folkevalde organa våre. 

 

Møte i kommunestyresalen og på Sjøborg

Kommunestyremøta er på Sjøborg kulturhus. Det er for mange deltakarar i kommunestyremøta til at dei kan haldast i kommunestyresalen med den nødvendige avstanden mellom folk. 

Dei andre folkevalde organa, med færre medlemmer, har møte i kommunestyresalen. 

Sjå tidsunkta for dei politiske møta

 

Smittevern

  • Det skal vere minst ein meters avstand mellom alle, både dei folkevalde og tilhøyrarar. 

  • Alle må vaske hendene før og etter møtet, og elles ivareta god hand- og hostehygiene. 

  • Vi aukar reinhaldet i kommunestyresalen i samband med møta. 

  • Vi fører ei liste over alle som er til stades, for å kunne spore smitte dersom det vert naudsynt.