Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta skal drive førebyggande helsearbeid for barn og unge, og fylgjer tilrådingar frå Helsedirektoratet.

 

 

Kva kan vi tilby?

  • Individuell oppfølging vert gjennomført på alle klassetrinn og er kontroll av tidlegare funn, for eksempel syn og hørsel.

Helsesøster har regelmessig trefftid på dei ulike skulane. Tidspunkt får de informasjon om på skulen. Føremålet er at elevar, føresette og lærarar kan ta kontakt med helsesøster når ein måtte ha behov for det.

Her kan nemnast ymse ting å ta kontakt for:

  • syns- og hørselkontroll
  • utslett, eksemplager o.l.
  • mistrivsel, mobbing, andre venneproblem

Problema treng ikkje vere så store, - ta kontakt når de kjenner behov for det.

Helsesøster har teieplikt. Det vil seie at det som vert sagt mellom helsesøster og elev/foreldre, kun vert formidla
vidare med samtykke.

 

Skulehelsetenesta er organisert slik:

1. klasse Oppfølging av skulestartundersøking
2. klasse Vaksinering mot kikhoste/difteri/stivkrampe/polio
3. klasse Rutinemessig måling av høgde og vekt. Helseopplysning i
gruppe med tema: mat, venner, sykkelhjelm
6. klasse Vaksinering mot meslingar, kusma, røde hunder, (MMR)
Helseopplysning i gruppe med tema: puberteten
7. klasse Rutinemessig måling av høgde og vekt
7. klasse jenter Vaksinering mot humant papillomavirus (HPV)
Informasjon blir sendt ut i forkant av vaksineringa.
8.-10. klasse

Helsesøster er tilgjengeleg til faste tider på skulen. 

 

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

 

Kontaktinformasjon

Du finn kontaktinformasjon til helsesystrene, og kva tidspunkt dei er tilgjengelege på, på din skule.

Helsestasjonen held til i Reitenbygget og besøksadressa er Reiten 20.

Tlf. 70 01 78 80

 

 

 

Kontakt

Kristin Meli
Leiande helsesøster
E-post
Telefon 70 01 78 84
Mobil 916 80 610