Frisklivsentralen

Frisklivssentralen i Ulstein er eit helsefremjande tiltak for å førebygge livsstilssjukdomar.

 

Kven kan delta?

Tilbodet er for alle vaksne som ynskjer å endre levevanar knytt til fysisk aktivitet, kosthald eller tobakk.

Du treng ikkje ha ein diagnose eller vere sjuk for å delta ved Frisklivssentralen. Nedre aldersgrense er 16 år. Tilbodet er også for foreldre til barn og unge som som får oppfølging ved Helsestasjonen.


Korleis få tilbodet?

Du får tilvising til Frisklivssentralen frå lege, bedriftshelseteneste, helsepersonale i kommunen eller frå NAV. Du kan også ta kontakt sjølv sidan dette er eit lavterskeltilbod.


Gruppebaserte tilbod

  • Frisklivstrening for vaksne er eit gruppetilbod der aktivitetane og nivået er tilpassa deltakarane. Treninga er oftast på Osnessanden uansett ver. Kvar måndag og onsdag 0900-1015.
  • Frisklivstrening for barn og unge er eit gruppetilbod der aktivitetane og nivået er tilpassa deltakarane. Treningane er ute uansett ver. Vi møtast ved idrettsbygget kvar onsdag kl 1430-1530.
  • Friskliv er eit tilbod til vaksne over 16 år som treng hjelp til å førebygge overvekt og inaktivitet. Frisklivssamtalen gir grunnlag for vidare planar og individuelle mål-setjingar. Gruppetilbod og uteaktivitetar.
  • Friskliv Ung er eit tilbod til barn og unge i alderen 10-16 år som treng hjelp til å
    førebygge overvekt og inaktivitet. Frisklivssamtalen gir grunnlag for vidare planar og individuelle målsetjingar. Gruppetilbod og uteaktivitetar.
  • Bra mat er eit inspirasjonskurs der målet er å oppnå varig sunnare kosthald.
    Her vert det mellom anna gitt praktiske råd for kosthald i kvardagen, vi utvekslar
    erfaringar med andre deltakarar og lærer å lese varedeklarasjon.
    Kurset går over fem kveldar der temaet er bra mat i teori og praksis.


Kva kan du forvente?

Frisklivresepten varer i 3 månadar, og startar med ein strukturert samtale der vi ser på moglegheiter og mål for perioden. Etter tre månadar gjennomfører vi ein ny samtale. Resepten gir høve for oppfylgjing gjennom individuelle samtalar og gruppebaserte tilbod. 

Frisklivsentralen har også god oversikt over kva som fins av tilbod i lokalmiljøet.


Kva kostar tenesta?

Helsesamtalar og gruppetilbod for fysisk aktivitet er gratis.

Kontakt

Kjersti Vengen Jensen
Dagleg leiar Frisklivssentralen | Fysioterapeut ved helsestasjonen
E-post
Mobil 480 17 464