Frisør

Ulstein kommune kan tilby frisør til eldre og uføre på:

  • Bygdestova, Ulshaugen 15
  • Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter, Sjukeheimsvegen 18

 

Frisør på Bygdestova

Kvar måndag og onsdag er frisørsalongen Hårreisande på plass på Bygdestova. Fast frisør er Geanina og ho tek alle former for hårstell – også farging av bryn og fjerning av ansiktshår m.m. 

Timebestilling på telefonnr.: 405 74 403.

Det ligg også bestillingsliste i kaféen på Bygdestova.

Frisøren kan også kome heim i leiligheita til bebuaren dersom forflytning er vanskeleg, men håret må då vere nyvaska når Geanina kjem.

 

Frisør på Alvehaugen

Frisør Wenche Mork etter avtale.

Timebestilling på telefonnr.: 994 82 068